Russia Today (RT) rapporterer:
Ein trur at tusenvis av indarar er fanga i fleire søraust-asiatiske land, der dei blir tvinga til å arbeide som «cyberslavar», rapporterte Indian Express måndag [30.september 2024].
Dei ulovlege aktivitetane som dei visstnok blir tvinga til å utføre, inkluderer kvitvask, kryptovaluta-bedrag, og «dating eller kjærleiks-svindel» i land slik som Kambodsja, Thailand, Myanmar og Vietnam.
Ifølgje data samla av dei indiske immigrasjonsstyresmaktene, har nesten 30 000 av dei 73 138 indarane som reiste til desse landa på besøksvisum frå januar 2022 til mai 2024 enno ikkje kome tilbake.
Reportasjar indikerer at menneske frå heile India blir lurt av svindlarar som instruerer dei til å skape falske kontoar på sosiale media, ofte ved å bruke bilete av kvinner, for å overtyde andre om å investere pengar. Enkelte menn som har blitt redda frå desse svindelføretaka av den indiske regjeringa tidlegare i år, sa til Indian Express at dei vart tilbodne «lukrative» jobbar av agentar før dei vart sendt til desse landa, der passa deira deretter vart tekne frå dei.
Mesteparten av indarane som er fanga i utlandet er i 20- og 30-åra. Over ein tredjedel kjem frå Punjab, Maharashtra og Tamil Nadu. Rundt rekna 70% av dei som ikkje har vendt tilbake har reist til Thailand, står det i reportasjen.
Problemet fekk offentleg merksemd i fjor, då Odisha-politiet slo ned på eit cyber-kriminalitetssyndikat knytt til Kambodsja. Fleire personar som la til rette for turar til det landet vart arresterte etter at politi vart varsla av ein tilsett i den føderale staten som hadde blitt offer for cyber-bedrageri, ifølgje NDTV.
I april formidla den indiske regjeringa at dei hadde redda 250 borgarar frå Kambodsja, der dei alle hadde blitt offer for cyber-gjengar som dreiv «bedrageri-spel», rapporterte Ministeriet for eksterne affærar.
I mai danna New Delhi eit høgnivå, interministerielt panel for å adressere problemet og identifisere smotthòl i systemet. Panelet har bede regionale regjeringar om å utføre verifikasjonar på botnnivå og samle detaljar om dei som visstnok er fanga i Søraust-Asia.
Styresmaktene har òg instruert telecom-operatørar om å dele data om indiske mobilnummer som bruker roaming-tenester i Hong Kong, Kambodsja, Laos, Filippinane og Myanmar. Vidare har telecom-selskap blitt bedne om å blokkere innkomande internasjonale «falske samtalar» som viser indiske mobilnummer, sidan slike samtalar skal utgjere 35% av innkomande internasjonale kommunikasjonar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
