Lance D Johnson i Natural News rapporterer:
Ein ny fagfellevurdert studie av vitskapsfolk frå Children’s Health Defense, i samarbeid med forskarar frå Danmark og Tsjekkia, har avslørt betydelege skilnader i biverknadsratar assosiert med spesifikke parti av Pfizer-BioNTech covid-19-vaksinen. Forskinga, som er publisert i Science, Public Health Policy and the Law, set søkjelys på alvorlege bekymringar om vaksine-produksjonspraksis, inkludert mangelen på inspeksjon av ferdige hetteglas, og fråværet av kvalitetskontroll-sjekkar når det gjeld produkt-ivaretaking og lagring. Vitskapsfolk frå CHD, inkludert Brian Hooker, Ph.D., leiande vitskapleg offiser, og Karl Jablonowski, Ph.D., senior-forskingsvitskapsmann, leia forskinga.
Analyse av 156 vaksineparti oppdagar høgare førekomst av vaksineskade i visse parti
Studien analyserte 156 ulike vaksineparti distribuerte frå desember 2020 til april 2022. Forskarane spora kor vaksinen vart produsert og kor den vart distribuert, og spora partia til vaksineskadar som vart rapporterte til Vaccine Adverse Events Reporting System (VAERS).
Dataa var ikkje utan vidare tilgjengelege og måtte skaffast via Freedom of Information Act Request, som vart skaffa av Informed Consent Action Network. Analysen avdekte at tidlege parti, spesielt dei som vart sendt til sjukehus og statlege byrå, hadde høgare ratar av alvorlege biverknader (SAE) [SAE = serious adverse events].
Av dei 977 542 biverknadene som vart rapportert til VAERS, var 455 820 (46,7%) knytt til Pfizer-vaksinen. Medan berre 29% av desse rapportane inkluderte partinummer, var forskarar i stand til å matche 290 835 alvorlege biverknader til spesifikke parti.
Analysen kategoriserte biverknadene i tre kategoriar: ikkje-alvorlege, alvorlege, og dei som involverte dødsfall. Ein ikkje-alvorleg biverknad inkluderer milde allergiske reaksjonar (til dømes utslett, kløe), mellombels ubehag eller smerte på injeksjonsstaden, mild feber eller hovudverk, og fatigue eller uvelheit. Ein ikkje-alvorleg biverknad indikerer at unaudsynleg skade har blitt gjort på kroppen til individet, men at problemet gjekk over eller ikkje var livstrugande. I analysen var totalt 78% av SAE-ane ikkje-alvorlege.
Ein alvorleg biverknad inkluderer sjukehusinnlegging, livstrugande situasjonar, eller handikapp. Desse inkluderer typisk tilstandar slik som anafylaksi, trombose, Guillain-Barré-syndrom, alvorleg luftvegsproblem, anfall, slag og myokarditt, berre for å nemne nokon. I analysen var 20% av alle biverknader alvorlege, og 2% involverte døden til mottakaren.
Forskarar fordømmer produksjonsprosessen og mangelen på kvalitetskontroll av mRNA-vaksinar
Forskarane fordømte produksjonsprosessen for mRNA-vaksinane, og sa at dei burde aldri ha blitt godkjent i fyrste omgang. Forskarane åtvara at der var «ekstremt høg» variabilitet blant vaksinepartia, og antyda at der var utilstrekkjelege produksjonskontrollar og overvaking. Resultata av studien vart bekrefta av liknande studiar frå Danmark og Tsjekkia, som òg rapporterte om høgare biverknadsratar assosiert med visse parti, spesielt tidleg i vaksineutrullinga.
Studien skriv at VAERS ikkje er omfattande, og at det typisk fangar opp mindre enn 1% av biverknader. Dette tydar at mykje vaksineskadedata ikkje eingong vart registrert. Dette kan vere resultatet av propagandaen som dominerer i det medisinske systemet, og politiseringa som ligg rundt administrasjonen av covid-19-vaksine. Legar vart fortalt at vaksineskadar er ekstremt sjeldne og eit resultat av at «anti-vaxxarar» spreier «vaksine-feilinformasjon». Personar vart ofte pressa til å ikkje rapportere ein vaksineskade av legen sin. Mange pasientar vart brukt skam mot til å tru at vaksineskadane vart forårsaka av noko anna. I desse tilfella av medisinsk villeiing blir ikkje dataa rapportert, og menneske lid.
I motsetnad til det ein skulle forvente statistisk, viste delstatar med stor befolkning ikkje høgare ratar av alvorlege skadar. I staden rapporterte delstatar som Sør-Dakota, Tennessee og Kentucky om uforholdsmessig høgare ratar. Var visse delstatar politiske mål med ein større del «hot lots» [«heite parti»] og kontaminerte vaksineparti? Kva slags kontaminantar vart konsentrerte i desse spesifikke «heite partia»? Dreiv Pfizer bevisst og utførde fleire mindre eksperiment med ymse vaksineparti inne i det større covid-19-vaksinasjonseksperimentet? Mange spørsmål har vi enno ikkje svar på.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

En såkalt fagfellevurdering i Science, Public Health Policy and the Law er i praksis en dårlig spøk. Childrens Health Defense er et vaksinemotstandsforum drevet av den kjente vaksinemotstanderen Kennedy Jr. Å kalle disse såkalte vitenskapsfolkene for vitenskapsfolk er også en dårlig spøk. Behøver ikke sjekke hvem disse danskene som har samarbeidet med dem er, men det må vel gå an å gjette på at dette er den tidligere omtalte Vibeke Manniche. Som pussig nok ikke fant bivirkninger fra batcher som ikke var tatt i bruk…..Ser også at disse «vitenskapsfolkene» baserer seg på VEARS, der hvemsomhelst kan rapportere hvasomhelst nårsomhelst, og som ikke er en liste over faktuelle bivirkninger………dette har vi også vært gjennom før…..
LikarLikar