George Soros utfordrar Elon Musk i kontroversielt forsøk på å kjøpe opp Alex Jones sitt snarleg likviderte InfoWars

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice melder:

George Soros har allereie kjøpt opp meir enn to hundre radiostasjonar i USA for å gjere dei om til venstreorienterte desinformasjonsmaskiner i forkant av novembervalet, og no ønskjer han å leggje til Alex Jones sitt InfoWars i sin stabel av propaganda-formidlarar.

George Soros sitt Media Matters for America, ei venstreorientert vaktbikkjegruppe, kjem med førespurnader om eit kontroversielt oppkjøp av Alex Jones sitt InfoWars i kjølvatnet av at ein Texas-dommar har bestemt å utføre likvidasjon av formidlaren.

Denne dommen kjem i kjølvatnet av ein erstatningsdom på hårreisande 1,5 milliardar mot Jones, som vart straffa av retten for å ytre sine meiningar om skuleskytinga ved Sandy Hook.

Når retten no har gjeve grønt lys til at Free Speech Systems, morselskapet til InfoWars, kan bli auksjonert vekk for å oppfylle dommen, lurer mørke skyer i horisonten for den legendariske ytringsfridomsplattforma som Jones har fronta i fleire tiår.

Reportasjar indikerer at ein koalisjon av liberale og nonprofitt-organisasjonar, inkludert Media Matters, utforskar høvet til å by på InfoWars, noko som reiser bekymring om implikasjonane av at ei venstreekstrem gruppe potensielt får kontrollen over slik ein anti-globalistisk formidlar.

«Vi vurderer dette oppkjøpet grunding,» sa Media Matters-president Angelo Carusone til formidlaren. Carusone la til at organisasjonen kjem til å vurdere ein gjennomgang av InfoWars-arkivet for å sjå kva formidlaren ikkje har publisert.

Jones antyda nyleg at InfoWars sine aktiva kan bli kjøpt av støttespelarane hans, noko som lèt han halde fram å leie programmet sitt, men som ein vanleg tilsett, under InfoWars-merket i deira heimby Austin i delstaten Texas.

Den siste tida har Jones offentleg oppmoda X-sjef Elon Musk til å kjøpe InfoWars, sa Semafor, og la til at ein av dei fyrste tinga milliardæren gjorde som Twitter-eigar, var å fjerne forbodet nettstaden hadde mot kontoen til Jones.

Musk har tidlegare gjort kjent kva han føler om George Soros, og har erklært at globalist-finansfyrsten «hatar menneskeheita».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget