Ukrainsk parlamentsmedlem vil STRAFFE barn for å snakke russisk

Russia Today (RT) rapporterer:

Ein parlamentsmedlem i Ukraina har føreslege ei ny lov som hindrar skulebarn i å snakke til kvarandre på andre språk enn ukrainsk, til og med utanfor klasseromsettinga. Natalya Pipa hevdar at den obligatoriske bruken av det offisielle språket i klassen ikkje er nok til å sikre at det dominerer.

Ein stor del av ukrainske borgarar kan snakke eller forstå både russisk og ukrainsk, spesielt aust i landet. Derimot, sidan 2014-kuppet, har dei nye styresmaktene avskaffa russisk som eit offisielt regionspråk, og innført politikk som har som mål å undertrykkje det. Ifølgje regjeringa i Kiev utgjer språket ein trugsel mot nasjonal eining og tryggleik.

Russland har gjentekne gonger fordømt desse stega som diskriminering.

Pipa, som forklarte behovet for strengare lovverk i eit innlegg på Facebook, viste til klagar frå foreldre som ikkje likar at barna deira blir eksponert for russisk på skulen og i barnehagen, sidan mesteparten av deira jamaldringar kommuniserer med kvarandre på det språket.

«I 2021 påbaud vi alle skular å tilby utdanningstenester på det ukrainske språket, men problemet er at etter at dei går ut av klasserommet, skiftar barna og lærarane over til russisk,» sa lovgjevaren. Ho viste òg til nyleg forsking som indikerer at berre 41% av skulebarn i landet berre bruker det offisielle språket i uformelle settingar.

Ifølgje Pipa burde foreldre gjere ein innsats i å berre snakke ukrainsk med barna sine heime.

«Vi må kvitte oss med denne uskrivne regelen i hovuda på lærarar, elevar og foreldre: ‘Skuleklokka ringjer – og du kan [snakke] kva språk du vil’,» sa parlamentsmedlemmen.

Ei spørjeundersøking utført av Statleg teneste for kvalitetsutdanning i skuleåret 2023/2024 viste at der hadde skjedd eit fall i bruken av ukrainsk språk blant skulebarn, foreldre og lærarar.

Rundt same tid åtvara Taras Kremin, kommisjonær for vernet av statleg språk, at mange ukrainske barn ikkje kunne sitt offisielle statlege språk godt nok fordi dei framleis bruker russisk i dagleglivet.

I 2019 vedtok nasjonalparlamentet ei lov som kravde at berre ukrainsk skulle bli brukt i nesten alle aspekt av det offentlege livet, inkludert utdanning, underhaldning, politikk, business og service-industrien.

Det russiske utanriksministeriet, i ein kommentar om lovverket på den tida, fordømte det som ei «tvinga og total» ukrainisering.

Dette er sett på som ein av grunnane til at russisktalande innbyggjarar som bur i Donetsk og Lugansk, so vel som på Krim, trekte seg ut av Ukraina etter 2014-kuppet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Ukrainsk by innfører språkinspektørar: Alle skal snakke ukrainsk, ikkje russisk, i vår by!», publisert 12.september 2024.

Kommenter innlegget