Shane Trejo på Big League Politics sin Substack melder:
Ein prominent LGBT-aktivist i Frankrike har blitt tiltala for den brutale valdtekta og torturen av ei fire år gammal jente med alvorleg utviklingshemming.
Ifølgje Reduxx vart Pierre-Alain Cottineau (32) arrestert 23.september og tiltala for desse avskyelege handlingane. Cottineau har lenge vore ein politisk aktivist i Loire-Atlantique, der han har stått til val under partiet La France Insoumise (LFI) [«det opprørske Frankrike»]. LFI skryter over å ha ein «nulltoleranse»-politikk mot «kjønnsdiskriminerande, rasistiske, anti-semittiske eller LGBTI-fobiske kommentarar eller åtferd» frå partimedlemmer.
Cottineau vart utnemnt til President for regnboge-krisesenteret (Le Refuge Arc-en-ciel) i 2018, der han var vert for organisasjonen sitt fyrste forum mot homofobi og transfobi. Han grunnla i tillegg grupper som Oudon-solidariteten, og Kollektiv for gjensidig bistand, so vel som LGBTQI+-foreininga Ancenis (EsAc). Han tek jamleg del i LGBT-pride-paradar i Ancenis-Saint-Géréon.
«Vi lid av usynlegheit. Denne marsjen er her for å få folk til å forstå at LGBTQI+-menneske òg eksisterer på [den franske] landsbygda,» sa Couttineau i eit intervju med FranceBleu.
Det at Cottineau opp gjennom åra har jobba med «sårbare grupper i befolkninga» kan ha ført til at han vart akseptert som fosterfar. Han vart godkjent i desember 2023 som fosterforelder, og bad om å få eit barn under seks. Cottineau fekk ønsket sitt oppfylt, og fekk tilgang til ei utviklingshemma fire år gammal jente som deretter vart hans påståtte offer.
Styret i det franske barnevernet hevdar at dei «dobbeltsjekka» rullebladet til Cottineau og «godkjenningsprosedyren, rekrutteringa og jamleg overvaking… hadde ikkje avslørt nokon varselteikn», før dei gav han tilgang til barnet.
Kontor for mindreårige vart merksame på at videoar som viste grovkorna seksuell mishandling av barn byrja å bli overført via sosialmedie-plattforma Telegram i september 2024. Ein av offera var mistenkt for å vere ein fransk borgar, og etterforskarar byrja å jobbe med å finne ut identiteten til vedkomande. Etterforskinga deira førde dei til Cottineau.
Etter å ha blitt pågripen og tiltala, innrømte Cottineau til styresmaktene at han dreiv seksuell og fysisk mishandling av barnet, og at han distribuerte videoen digitalt til pedofile i heile Frankrike. Han har blitt sikta og tiltala under punkta valdtekt, tortur og barbarisme. Han risikerer fengsel på livstid om han blir dømt.
Big Leauge Politics har rapportert om andre tilfelle der LGBT-aktivistar har blitt tiltala for brutal valdtekt av barn. Ikkje alle LGBT-aktivistar er pedofile eller seksuelle avvikarar, men denne rørsla gjev sanneleg rovdyr makt til å seksualisere barn, og samfunnet er berre i ferd med å ane resultata av denne utbreidde fordervinga, der den speler seg ut i stor skala.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
