Nettstaden ReMix News rapporterer:
Ifølgje videoar som verserer på sosiale media, kan russiske styrkar ha sleppt ei massiv vakuum-bombe, kjent som «alle bombers far», på den ukrainske byen Vovchansk. Det ukrainske nyheitsbyrået InsiderUA delte opptaka på sin Telegram-kanal, der dei viste til påstandar frå russiske militærbloggarar om at den spektakulære eksplosjonen i opptaket kan ha blitt forårsaka av ODAB-9000, ei glidebombe på 7100 kilo, òg kjent som «alle bombers far».
Bomba er so massiv at den termobariske eksplosjonen forårsaka av aerosol-ladinga tilsvarer den destruktive krafta til 44 tonn TNT.
Derimot motseier enkelte ukrainske kjelder desse påstandane, og hevdar at opptaket viser effekten av ei mindre ODAB-3000 termobarisk bombe. Ifølgje talsmannen til den operasjonelle og taktiske eininga i Kharkiv, Vitaly Sarantsev, vart ikkje eksplosjonen forårsaka av ei vakuum-bombe, og føremålet med dei russiske rykta var å demoralisere dei ukrainske soldatane.
«Bruken av denne typen våpen krev ein eigna berar, som i teorien kan vere eit Tu-160 strategisk bombefly, men rørsla til slikt eit luftfartøy har ikkje blitt registrert,» argumenterte Sarantsev.
Termobariske bomber, òg kjent som vakuum-bomber, bruker oksygen til å skape intense eksplosjonar med høg temperatur. Ifølgje Den internasjonale Røde Kors-komiteen, kan bruken av slike våpen i folkesette område utgjere eit krigsbrotsverk.
Uavhengige ekspertar kan enno ikkje bekrefte nøyaktig kva type bombe som vart brukt, men bruken av termobariske våpen i Ukraina er på ingen måte uvanleg for russarane. Sidharth Kaushal, ein tilsett ved Royal United Services Institute Sea Power forskingsinstitutt sa til Newsweek at Russland prøver å svekkje forsvarsevnene til Ukraina med aukande luftåtaksaktivitet, spesielt no når vinteren nærmar seg.
Derimot har heile byen Vovchansk vore gjenstand for intens bombing frå den russiske sida, og etterlate mesteparten av byen i ruinar. Andre videoar viser at mindre bomber òg blir sleppte over det øydelagde landskapet, inkludert 1500-kilos bomber.
Berre i dei siste 24 timane vart to menneske drepne og 41 skadde i russiske luftåtak i fleire delar av Ukraina, rapporterer den ukrainske nyheitsportalen Kyiv Independent. Ifølgje ein rapport frå luftforsvaret, vart 15 av dei 24 regionane i Ukraina angripne.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Illustrasjonsbiletet, henta frå Pexels, viser byen Lviv og har ingenting med innhaldet i artikkelen å gjere.
