Russia Today (RT) rapporterer:
SpaceX-adm.dir. Elon Musk har skulda administrasjonen til den amerikanske presidenten Joe Biden for å «aktivt blokkere» forsyninga av Starlink internett-terminalar og kritisk bistand til område i Nord-Carolina som vart øydelagt av orkanen Helene. Administrasjonen har avvist desse påstandane som uriktige.
Orkanen Helene herja søraust i USA for over ei veke sidan, og drap meir enn 225 menneske og førde til at hundrevis ikkje er gjort reie for. Skaden var spesielt alvorleg i Georgia og vestlege Nord-Carolina, der bruer vart skylt vekk og fleire titals tusen framleis er utan rennande vatn, straum og mobiltelefon-tenester.
Under eit besøk i Georgia måndag [30.september 2024] sa tidlegare president i USA Donald Trump at han hadde vore i kontakt med Musk, som skulle levere Starlink internett-terminalar til dei råka områda. Federal Emergency Management Agency (FEMA) [«føderalt byrå for krisehandtering»] sa òg i ei pressemelding at dei skulle distribuere Starlink-terminalar til lokale styresmakter.
Fredag [4.oktober 2024] hevda derimot Musk på si X-plattform at FEMA «ikkje berre mislykkast i å adekvat hjelpe folk som er i vanskar, men driv òg aktivt og blokkerer borgarar som prøver å hjelpe!».
Musk, som viste til ein SpaceX-ingeniør i Nord-Carolina, hevda at FEMA-personell konfiskerer Starlink-terminalar og andre forsyningar som kjem til delstaten. I eit oppfølgjar-innlegg delte milliardæren tekstmeldingar frå ingeniøren, som påstod at byrået hadde «stengt luftrommet for å ‘regulere’ dei private helikoptera vi bruker for å levere Starlink og andre forsyningar’.»
I eit svar på innlegget til Musk skreiv transportminister Pete Buttigieg [uttala «booty-judge»] at «ingen stengjer ned luftrommet og [den føderale flyadministrasjonen] blokkerer ikkje legitime rednings- og søkjefly».
«Dersom de opplever eit problem, ring meg,» la Buttigieg til.
Problemet vart tilsynelatande løyst seint fredag kveld, der Musk svarte for å takke Buttigieg og erklære at «hjelpefly er på veg».
Republikanske politikarar og konservative spaltistar har skulda Biden-administrasjonen for å trenere naudhjelp til Nord-Carolina på grunn av at den i hovudsak kvite befolkninga i regionen i stort fleirtal stemte på Trump i 2016 og 2020. Trump besøkte Georgia og Nord-Carolina tidlegare førre veke, og hevda under eit rally på fredag [4.oktober] at «mykje av pengane som skulle ha gått til Georgia og Nord-Carolina» hadde blitt brukt på «folk som kom ulovleg inn i landet».
Etter at FEMA brukte 640 millionar dollar [6,8 milliardar kroner] på bustader for ulovlege innvandrarar det siste skatteåret, erklærte tryggleiksminister Alejandro Mayorkas onsdag [2.oktober] at byrået ikkje har nok pengar til å kome seg gjennom resten av orkansesongen, som typisk varer til byrjinga på deember. Derimot var dei 640 millionane ikkje tekne frå FEMA sitt katastrofe-naudhjelpsfond, men frå eit separat fond godkjent av Kongressen.
Per fredag [4.oktober] har FEMA brukt 45 millionar dollar [479 millionar kroner] på bistand etter orkanen Helene, eller 14 gonger mindre enn dei brukte på å huse ulovlege innvandrarar i fjor, ifølgje ei melding frå Det kvite huset.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
