Trump lover å nå Mars innan 2028

Russia Today (RT) rapporterer:

Den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump har lovt å «nå Mars» før slutten på presidentperioden hans, om han skulle slå visepresident Kamala Harris neste månad. SpaceX-adm.dir. Elon Musk skal leie oppdraget, erklærte Trump.

Musk var med Trump på eit kampanjerally i Butler i delstaten Pennsylvania laurdag kveld [5.oktober 2024]. Under arrangementet, som fann stad på åstaden for attentatforsøket på Trump i juli, kom den 45.presidenten med ei rekkje kjende kampanjeløfte – han lovde å stengje den sørlege amerikanske grensa, gjere slutt på Ukraina-konflikten, og lågne energiprisar og inflasjon – so vel som ein lovnad å nå den raude planeten før 2028.

«Vi vil leie verda i romutforsking,» sa han til publikum. «Vi vil nå Mars før slutten på perioden min.»

«Elon lovde meg at han skulle gjere det,» heldt Trump fram, før han vendte seg mot Musk og spurde: «Eg veit ikkje, kan du gjere det?»

«Vi kjem til å vinne, og han kjem til å nå Mars innan slutten på perioden vår, som er ei svær greie, før Kina, før nokon. Eg veddar pengane mine på den fyren [Musk].»

Under sin fyrste presidentperiode kom Trump med ein serie romfartsrelaterte sjefsordrar og politikk-direktiv. Han gav i 2017 NASA i oppgåve å leie «tilbakevendinga av menneske til Månen for langtidsutforsking og nyttiggjering, følgt av menneskeoppdrag til Mars og andre destinasjonar,» og etablerte i 2019 US Space Force som den sjette greina av militæret i landet, noko som fekk motstandarar til å skulde han for å militarisere verdsrommet.

Musk, som gav si støtte til kampanjen til Trump tidlegare i sommar, har lovt i årevis å gjere menneskeheita om til ein «fleirplanets»-sivilisasjon. Derimot legg han skulda på for mykje statleg regulering for at hans planlagde kolonisering av Mars har blitt forseinka. Førre månad hevda Musk at hans gjenbrukbare SpaceX «Starship»-rakett kan bli klar til ubemanna oppdrag til Mars innan to år, og for bemanna oppdrag to år etter det igjen.

Etter at Den føderale flyadministrasjonen [Federal Aviation Administration] nekta SpaceX løyve til å teste raketten før november på grunn av miljørelaterte bekymringar, gjekk Musk ut på si X-plattform og klaga at «vi vil aldri få menneskeheita til Mars om dette held fram».

«Uheldigvis held vi fram å vere fanga i ein røyndom der det tek lengre tid å gjere statleg papirarbeid for å gje løyve til ei rakettoppskyting enn det tek å designe og byggje det faktiske utstyret,» skreiv SpaceX i ei melding på den tida. «Dette burde aldri ha skjedd, og er ein direkte trugsel mot USA sin posisjon som leiaren i verdsrommet.»

Under sin fyrste presidentperiode skauv Trump fram ideen om å kutte ut to statlege retningslinjer for kvar ny ein som vart sett i verk. Dersom han blir gjenvalt, har han lovt å gå endå lenger, og sa til New York Economic Club førre månad at han skal «eliminere minst 10 gamle retningslinjer for for kvar ny ein» som blir innført.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget