Offer for orkanen Helene kritiserer Biden og Kamala: «Der er ingen statleg bistand. Ingen. Null.»

Ethan Huff i NewsTarget, systersida til Natural News, melder:

Trass påstandar frå Det kvite huset om at president Biden gjer ein glimrande jobb med å gje bistand til familiane i Appalachia som fekk liva sine øydelagt av orkanen Helene, fortel dei faktiske offera ei ganske so annleis historie.

Sjå denne videoen, der ei opprørt ung kvinne forklarer at hennar 70 år gamle tante i Burnsville, Nord-Carolina, ein småby ikkje langt frå Asheville i nord, ikkje har blitt høyrt frå sidan førre fredag. Ifølgje kvinna er der ingen fabelaktig statleg respons i dei påverka områda (grovt språk i videoen).

Bortsett frå ei handfull sivile, der enkelte av dei arbeider frå små statlege kontor, er der ingen som prøver å hjelpe dei mange offera til orkanen Helene som, slik som nemnde kvinne si tante, er fanga på stader som ikkje lenger er tilgjengelege med bil.

(Relatert: Delar av Asheville og vestlege Nord-Carolina ligg i ruinar etter orkanen Helene, som utløyste eit Mad Max-aktig scenario i regionen.)

Kvifor hjelper dei ikkje folk?

I tillegg til å ikkje hjelpe folk, driv faktisk dei frå staten som er på bakken i Appalachia og avviser friviljuge og trugar dei med straff om dei ikkje lyder.

«Dei trugar med å arrestere dei menneska,» forklarer kvinna i nemnde video. «Dei trugar med å arrestere folk som prøver å… hjelpe folk med å overleve. Tanta mi er 70 år gammal og har mobilitetsutfordringar. Er det nokon som veit kva staten gjer? Ikkje ein jævla drit.»

«Det er ingen straum, ikkje noko vatn, dei har ingen forsyningar, og staten prøver no å arrestere folk som leverer forsyningar via helikopter.»

So trist som det er å seie dette, so verkar det som om Nord-Carolina og Tennessee får Laihana-behandlinga. Akkurat som på Hawaii råka katastrofen og staten tok over – ikkje for å hjelpe offera, hugsar de, men for å ta kontroll over regionen med andre føremål.

I dette tilfellet ser det ut som dei rike og mektige vil ha tak i vestlege Nord-Carolina sine reservar av litium og ultrareint kvarts, som kan forklare grunnen til at staten, i staden for å hjelpe offera der, avviser folk og gjer noko anna som vi enno ikkje kan sjå.

«Joe Biden seier at vi gjer alt vi kan for Nord-Carolina. Kamala Harris har for tida ein innsamlingsaksjon for kampanjen sin i Los Angeles og Las Vegas, ikkje for menneska i Nord-Carolina eller Tennessee.»

På Twitter/X påpeikte nokon pliktoppfyllande at lokale sheriffar vil ha siste ord når det gjeld kva som skjer i deira jurisdiksjonar, so dersom føderale organ blokkerer naudhjelp, kan desse lokale sheriffane be dei ryke og reise.

«Dei minste magistratars doktrine,» skreiv denne personen. «Lokale sheriffar må byrje å arrestere kvar ein føderal tilsett som trugar eller forstyrrar lokale forsøk på naudhjelp.»

Ein annan skreiv at Biden akkurat gav USA sitt strategiske lager av reservegeneratorar og transformatorar til Ukraina, men på grunn av nedstenging av hamner er dette kritisk viktige utstyret framleis på amerikansk jord, og kan framleis bli henta og levert til Appalachia der dei verkeleg høyrer heime.

«Konfisker alt saman og send det til vestlege Nord-Carolina der det er bruk for det,» skreiv denne personen. «Vi lyt gjere dette. Langtransportsjåførar som ikkje har noko å gjere på grunn av hamnestreken kan kome og hjelpe til med å levere tonnevis av ressursar. Staten som avviser tusenvis som prøver å levere bistand og hjelp kan vere starten på ein mykje trongen fredeleg revolusjon.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Kommenter innlegget