Belle Carter i Natural News rapporterer:
No når orkanen Milton har blitt nedgradert til ein post-tropisk syklon og har etterlate minst 10 menneske døde og tre millionar menneske i mørket i skrivande stund, ventar desperate offer etter orkanen Helene framleis på at Biden/Harris-administrasjonen sitt finansielt tømde Federal Emergency Management Agency (FEMA) [«føderalt byrå for krisehandtering»] skal innsjå at dei treng hjelp frå dei.
Amerikanarar frå Florida til Nord-Carolina held fram å handtere dei øydeleggjande konsekvensane til Helene, som er sett på som den dødelegaste orkanen som har råka USA sidan Katrina. Ulikt orkanen Katrina, som fekk ustanseleg dekning på kabel-TV-nyheiter i vekevis, med nyheitsanker som Anderson Cooper som i beste sendetid besøkte lokalområdet for å dekkje historier om mennesketragedie og statleg inkompetanse, har etterspelet til Helene fått langt mindre dekning.
Ifølgje analytikarar har nyheiter om dei fryktelege skadane etter Helene berre no fyrst dukka opp på sosiale media. Det som gjer det verre er at der var mangel på statleg assistanse, og private forsøk frå private individ var meir å sjå.
Ein konto på X eksponerte til og med FEMA sin instruksjon til Mission Hospital, ein privat medisinsk institusjon, om å finne lika som vart drepne på grunn av orkanen Helene, og til og med utvide talet dødsfall. FEMA-folk sa at dette er fordi dei ikkje lenger kunne hjelpe til i denne operasjonen sidan tenestepersonane deira er for opptekne med å hjelpe ulovlege innvandrarar på grensa. (Relatert: For opptekne til å hjelpe ulovlege innvandrarar: FEMA gjev ansvaret for å finne lik etter Helene over til privat sjukehus.)
«Plukka opp eit fly med barnemedisinske forsyningar som vart frakta inn og som skal til Nord-Asheville,» sa kvinna. «Vi sat i den private delen av flyet og vi overhøyrde tilfeldigvis ganske so mykje. Der var mykje snakk blant hærpilotane, sjøforsvarspilotane, og representantar frå sjukehuset.»
Ifølgje kvinna sa ein FEMA-leiar til folk frå sjukehuset at «det kjem til å bli likhus-senteret for kroppsgjenfinning av alle dødsfalla til Helene.»
«So dei sa altso til Mission Hospital at dei ikkje sender lastebilar med kjøling,» sa ho. «Kva enn slags dødstal de høyrer, legg til eit par nullar.»
I mellomtida krev kritikarar ei undersøking av tildelinga av kriseressursar.
«Offera til denne tragedien, som alle amerikanarar, får rikdommen sin teken av Washington for å fylle kistene til digre føderale byrå slik som FEMA. Dette same byrået, som fyrsteprioritet skal vere å hjelpe amerikanarar under kriser, seier allereie at dei er fattige,» skreiv Mises Institute eller Ludwig von Mises Institure for American Economics, ein nonprofitt-tenkjetank med hovudkvarter i Alabama, i ein artikkel.
«Naturlegvis hadde desse same byråa oversyn over omdirigering av over ein milliard dollar dei seinaste åra for å subsidiere innvandring til landet. Prioritetane er tydelege, krisefond tek ei bakseterolle i eit regime som bryr seg meir om nykomne enn familiane som har budd i dette landet i fleire generasjonar,» klaga dei.
Det kvite huset påstår opplysningar om deira Helena-innsats er uriktige
Seniorrådgjevar for presidenten og kommunikasjonsdirektør Ben LaBolt og Direktør for digitalstrategi Christian Tom offentleggjrode ei Kvite hus-melding som «debunka dei uriktige» nyheitene om deira innsats for å rydde opp etter Helene.
Ifølgje dei driv fleire svindelartistar, vondtru-aktørar og andre som ønskjer å så kaos fordi dei trur det vil hjelpe deira politiske interesser, og fremjar desinformasjon om gjenoppryddingsinnsatsen, inkludert måtar å få tilgang til kritiske og livreddande ressursar.
Dei hevda at under styringa til president Joe Biden og visepresident Kamala Harris, so har administrasjonen mobilisert «ein robust, intensiv og heilstatleg innsats for å respondere på effekten orkanen Helene har hatt.»
«Dette inkluderer omfattande førebuingar før orkanen kom, so vel som eit umiddelbart tillegg av ekstra ressursar og personell til dei råka samfunna. Meir enn 6400 føderale personell er på bakken, og meir enn 110 millionar dollar i føderal assistanse har blitt gjeve til overlevande, og meir er i vente. Vi sparer ikkje på nokon ressursar no når vi jobbar med å sikre at samfunna i søraust har direkte tilgang til føderale ressursar som vil hjelpe dei både med å kjøpe essensielle gjenstandar og byrje vegen til gjenopprydding og gjenoppbygging,» forklarte pressemeldinga frå 5.oktober.
Meldinga viste òg til ymse hovudstraums- og uavhengige nyheitssider som dei hevda kom med uriktig informasjon rundt gjenoppryddingsinnsatsen og omdirigering av krisemidlar, inkludert CNBN, HuffPost, The Hill, Washington Post, NBC News og WVLT.
«Biden/Harris-administrasjonen held fram med å jobbe via offisielle Kvite hus-digitalkanalar for å informere folket om responsen og gjenoppryddingsinnsatsen for å hanskast med feilinformasjonen som blir delt, med høgare volum på X enn på andre plattformer. Oppdateringar vil halde fram med å bli delte om volumet og omfanget av føderal naudhjelp som blir levert,» hevda den vidare.
I mellomtida sa Biden tidlegare at han kanskje skal spørje Kongressen om eit tilleggslovforslag for å finansiere hjelpeinnsats relatert til orkanen Helene, og antydar av lovgjevarar kan vil måtte vende tilbake frå sin langvarige valpause for å vedta den.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
