Nettstaden ReMix News melder:
Europaparlamentsmedlem (MEP) og medlem av Det grøne partiet i Tyskland, Daniel Freund, kom førre veke med nok ein toretale retta mot den ungarske statsministeren Viktor Orbán, og denne gongen kravde han arrestasjon av Orbán etter at han dukka opp og debatterte i Europaparlamentet.
«Det er på tide å utstade ein europeisk arrestordre,» sa Freund medan han snakka om Orbán. Freund hevda at Orbán er korrupt.
«Kven har nokosinne stole so mykje frå europeiske kjelder?» spurde Freund.
Den tyske MEP-en vart fly forbanna etter at Orbán fekk lov å snakke i det heile, og uttrykte at han ikkje lika det faktum at Orbán gjekk ut på sitt «fredsoppdrag», som inkluderte den ungarske leiaren sine besøk i Moskva, Kiev, Beijing og Washington D.C., i eit forsøk på å få til ein fredsavtale og gjere slutt på krigen i Ukraina.
Ein av dei mest siterte døma på «korrupsjon» i Ungarn er ei «bru til ingenstad», som vart bygt med EU-midlar. Orbán sjølv hadde ingenting å gjere med prosjektet og tilfelle av poenglaus bruk eller misbruk av EU-skattebetalarpengar er utbreidd i heile Europa. Faktisk er prosjekt «til ingenstad» vanlege i Tyskland. I 2020 køyrde landet sitt eige statsfinansierte medium, Deutsche Welle, ein heil artikkel om prosjekt som var sensasjonell sløsing med skattebetalarpengar og høgst tvilsame når det gjaldt korrupsjon.
«I den austlege delstaten Sachsen har lokalinnbyggjarane i fleire tiår bede om ein sykkelveg langs vegen mellom småbyane Pulsnitz og Kamenz. Då togspora vart renoverte vart ein overgang for fotgjengarar og syklistar installert – men sjølve vegen har enno ikkje blitt bygt. Jernbaneovergangen til ingenstad kosta estimerte 30 000 euro å byggje, so vel som fleire hundre euro i året i drifts- og vedlikehaldskostnader,» skreiv DW.
Rapporten blir utgjeven kvart år og blant dei tallause døma på offentleg sløsing er «1,2 millionar euro for å byggje ei bru som enno ikkje er tilknytt ei gate. Ifølgje Den tyske skattebetalar-føderasjonen, var den opphavlege grunnen til å byggje brua at den skulle krysse over tiul eit privat industritogspor. Derimot erklærte selskapet tidlegare i år at dei ønskte å demontere spora – noko som dermed fjerna hovudgrunnen til å byggje brua.»
Brussel Signal rapporterer òg at Den tyske skattebetalarforeininga akkurat har publisert ein rapport i år som viser liknande skattepenge-finansierte døme: inkludert ei bru til 300 000 euro som fører ingenstad, og ein tunnel til fire millionar euro for flaggermus som ikkje eingong blir brukt av dyra.
På toppen av det heile har ei rekkje MEP-ar innåt i EU-parlamentet blitt implisert i ei diger og omfattande korrupsjonsetterforsking som har sett fleire arrestasjonar. Freund var påfallande stille om desse arrestasjonane, med tanke på at so mange av dei arresterte var MEP-ar frå venstresida. For meir informasjon om saka, laga Remix News ein videoreportasje i fjor.
Freund sjølv mottok ein iskald respons frå ungarske lovgjevarar slik som Ernő Schaller-Baross, som straks reagerte på ytringane til Daniel Freund. Han sa at den tyske MEP-en burde hanskast med sitt eige land.
«Kvifor snakkar du ikkje om kva ukontrollert migrasjon tydar i Tyskland?» spurde han. Han la deretter vekt på at Daniel Freund ikkje bryr seg om det faktum at den tyske Grøne regjeringa trugar den tyske bilindustrien, som kostar industrien milliardar av euro og trugar heile den europeiske økonomien.
«Du hanskast ikkje med Europa, du hanskast berre med landet mitt. Vi har fått nok av dette,» sa han.
«Støtta di i Tyskland er einsifra. Reis heim,» sa Schaller-Baross, og viste til fallande støtte for Dei grøne i nasjonale spørjeundersøkingar, som har nådd eit rekordlågt nivå sidan partiet kom til makta, og dette blant skuldingar om rasisme innåt i partiet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
