Russia Today (RT) rapporterer:
Teikn på «ikkje-menneskeleg intelligens i vår galakse» har blitt oppdaga, og beviset vil offentleggjerast innan ein månad, har den britiske filmskaparen Simon Holland påstått.
I eit intervju med Daily Mail snakka Holland – som har jobba med ymse dokumentarar for eit NASA-finansiert asteroide-sporingsprosjekt – snakka om eit fem timar langt utbrot av radiobølgjer som opphavleg vart fanga opp av jordbaserte teleskop for fem år sidan.
Ifølgje Holland blir signalet for tida reanalysert av eit team av forskarar ved Oxford universitet som del av Breakthrough Listen [«gjennombrotslytting»] – eit 100 millionar dollars initiativ leia av den Moskva-fødde israelske fysikaren Yuri Milner, som er vigd til leiting etter utanomjordisk intelligens.
«Dei ser etter detaljar, det er grunnen til at dei ventar med å publisere nyheita,» hevda Holland, og la til at på grunn av svakheita til radiosignalet, opplever vitskapsfolk «tekniske hinder».
I 2019 fanga australske teleskop opp eit «underleg signal» medan dei observerte systemet Proxima Centauri, den næraste stjerna til vårt solsystem, som er lokalisert rundt 4,2 lysår unna.
Det mystiske signalet, som har fått namnet Breakthrough Listen Candidate-1 (BLC-1), vart fyrst trudd å kome frå ein annan planet, og vitskapsfolk håpte det kunne indikere at liv var til stade.
I 2021 antyda forskarar ved Berkely deretter at det sannsynlegvis var ein «falsk positiv» forårsaka av «to ulike transmitterar på jorda som blanda seg med kvarandre» og «var definitivt ikkje utanomjordisk». [link her og her]
Derimot, sa Holland, og viste til ei kjende innåt i Breakthrough Listen, at nytt overtydande evidens har kome fram om at signalet faktisk kan ha hatt opphav frå ein avansert utanomjordisk art.
Denne teorien vart støtta av ein senior EU-radioteleskop-administrator», ifølgje den tidlegare filmprodusenten (som no er vitskapsundervisar). Oxford-teamet har bekrefta til Daily Mail at dei dreiv på og analyserte signalet, men sa ikkje kvifor.
«Vi har funne ein ikkje-menneskeleg utanomjordisk intelligens i vår galakse,» sa Holland, «og folk veit ikkje om det.»
Holland, som skildrar seg sjølv som ein «pensjonert BBC-filmredigerar innan spesialist-faktaavdelinga», har eit YouTube-program som heiter «Professor Simon», og trur at Breakthrough no har hastverk med å offentleggjere funna sine for å slå kinesiske forskarar, som visstnok oppdaga eit utanomjordisk signal, og som snart òg har tenkt å offentleggjere funna sine.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
