Nettstaden The National Pulse rapporterer:
Fjorten delstats-generaladvokatar går til juridisk handling mot det kinesisk-eigde TikTok, der dei påstår at video-appen negativt påverkar den mentale og den fysiske helsa til unge brukarar. Kvar generaladvokat har individuelt levert inn søksmålsbegjæring, der dei hevdar at TikTok si forsikring om tryggleik er i strid med delstatslover. Appen, ei favoritt-videodelings-teneste blant ungdommar, skal visstnok ha trekk som gjer den avhengigheitsskapande, noko som bidreg til mentalhelseproblem blant mindreårige.
Søksmåla har som mål sivile bøter, oppreisning for erstatning og ein rettsordre som krev at TikTok må endre sin algoritme-praksis. Dei fornærma set søkjelyset på at TikTok-«utfordringar» har ført til skadar, sjukehusinnleggingar og dødsfall blant ungdom. I tillegg blir plattforma sitt algoritme-drivne tilrådingssystem sagt å oppmuntre avhengigheitsskapande åtferd, noko som bidreg til problem med mentalhelsa og kroppsbiletet. Andre skuldingar inkluderer det at TikTok bevisst har teke del i fremjing av innhald som har forverra problem slik som angst, depresjon og eteforstyrringar blant barn.
TikTok nektar for skuldingane. Det kinesisk-eigde sosialmedie-selskapet hevdar dei har sett i verk omfattande tryggleikstiltak og prøvd å samarbeide med delstats-generaladvokatane dei siste to åra.
I tillegg er det kinesiske sosialmedie-selskapet framleis del i ei pågåande rettssak mot den amerikanske regjeringa relatert til deira juridiske status. TikTok står for tida overfor eit forbod i USA på grunn av bekymringar knytt til nasjonaltryggleiken, med mindre dei blir selt av sitt kinesiske morselskap, ByteDance.
Som eit tillegg til deira juridiske problem, vart TikTok saksøkt av Det amerikanske justisdepartementet (DOJ) og Den føderale handelskommisjonen (FTC) for å samle inn data frå barn under 13 utan samtykke. Søksmålet påstår at TikTok sitt innhaldstilrådande system prioriterer å halde på brukarar og annonseinntekter på kostnad av unge menneske sitt mentale velvære.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
