Den britiske regjeringa skal tvangsinjisere feite, late menneske med vekttap-legemiddelet Ozempic

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:

Den britiske statsministeren Keir Starmer har forkynt planar om å tvinge feite menneske i Storbritannia til å bli injisert med Ozempic slik at dei skal kome seg tilbake i jobb.

Statlege tenestepersonar, som annonserte ei investering på heile 279 millionar pund [3,96 milliardar kroner] frå farmasigiganten Lilly, såg fram til å forbetre helseomsorga, inkludert med ein femårig massestudie for å sjå om ei aggressiv behandling av sjukeleg overvekt kan bli brukt i Stor-Manchester-regionen, før ei nasjonal utrulling skulle finne stad.

Infowars.com rapporterer: ‘Vekttap-sprøyta’ er, ifølgje Starmer: «veldig viktig for vårt NHS [National Health Service; det britiske, offentlege helsevesene; oms.an.], fordi ja, vi treng meir pengar til NHS, men vi må òg tenkje annleis.»

Vedunderlegemiddelet det er snakk om er semaglutid, betre kjent under merkenamn slik som Rybelsus, Ozempic (som eigentleg vart brukt til å behandle diabetes), og versjonen med høgare dose, Wegovy, som blir marknadsført til å oppmuntre vekttap.

Sjølv med tanke på potensialet til slike farmasøytiske gjennombrot, har Streeting og Starmer teke ein råsjanse – om ikkje satsa alt på eitt kort – i sin entusiasme. Streeting, som er del av ei regjering som klagar over at dei arva eit «svart hol» på 22 millionar pund frå sin Tory-forgjengar, estimerer at overvekt-relaterte sjukdommar kostar det statsfinansierte National Health Service 11 milliardar pund i året. Ikkje berre vil medisinering av dei sjukeleg overvektige kutte ned på tapet, ser han ut til å tru, men det vil òg auke produktiviteten ved å sende dei som tek imot behandlinga tilbake til arbeidsstyrken.

Når det gjeld produktivitet, går Starmer utifrå at godt betalte jobbar ligg der og ventar på dei nyleg medisinerte og slanka. Når det gjeld folkehelsa gjer hans kompanjong Streeting ein feil i å sjå på befolkningsgrupper som nokon som kan behandlast på same måte som eit kunnig lege-pasient-forhold kan hjelpe sjuke, inkludert sjukeleg overvektige.

Semaglutid fungerer ved å undertrykkje appetitten, og med dette oppmuntre til reduksjon av kaloriinntak. Det har allereie tiltrekt seg puritansk-lydande kritikk på grunn av lovnaden om behageleg vekttap utan eit intensivt diett- eller treningsregime – noko som verkar for «lett» og «unaturleg» for enkelte observatørar. Trass eit nyleg skifte til «kroppspositivitets-ideologien», forblir den britiske folkeopinionen delt rundt spørsmålet om sjukeleg overvekt er eit helseproblem eller eit spørsmål om åtferd og (dårlege) val.

Sidan Blair-åra har Labour-partiet vist ein vilje til å «reformere» individuell livsstil – eller «hjelpe folk til å ta dei rette vala», som sjargongen går – og importere/inkorporere strategien åtferds-«nudging» [«dytting»] i statleg politikk. Dei som ser på dette som bevis på «barnehagetante-staten» og som difor protesterer, blir no rutinemessig behandla som eit problem. Til dømes ønskte den tidlegare «konservative» helseministeren, Lord Bethell, politikken velkommen, og erklærte:

«Folk vil ha hjelp frå staten – «barnehagestat»-greia var ein distraksjon.»

Rundt det at overvekt er upassande og potensielt helseskadeleg, har Bethell eit poeng. Likevel avslører den vage terminologien som denne politikken ligg og flyt på den underliggjande svakheita. Britiske vaksne som fell innunder dette omfanget kan bli karakteriserte som overvektige, sjukeleg overvektige og dødeleg overvektige (no omdøypt til Class III obesity, med ein kroppsmasseindeks på 40 eller høgare, eller ein KMI på 35-39 i kombinasjon med overvekt-relaterte helsetilstandar). Når ein legg til side det problematiske i å bruke KMI som eit mål, er det å høyre til i den siste av dei tre kategoriane det som sannsynlegvis hindrar ein å vere i vanleg arbeid.

Ei nøkkelsvakheit i å bruke dei noverande medisinske framstega i denne politikken, er at etter to år får ein råd om å slutte å ta semaglutid. Utan den farmasi-induserte kjensla av å vere «mett», vil appetitten vende tilbake – og med det, nesten uunngåeleg, vektauke.

Tydar det at tilsette som går opp i vekt igjen nok ein gong blir sendt i trygdekø? Kanskje; meir sikkert er det at Labour sin no tradisjonelle fokus på å kontrollere livvstil og åtferd vil finne måtar å gjere dei til syndebukkar for ein politikk som er dømt til å mislykkast.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Slankemedisinen Ozempic får skulda for at damer utviklar PERMANENT diaré og tap av tenner», publisert 26.januar 2024.

Kommenter innlegget