Russia Today (RT) rapporterer:
Amerikanarar er rasande på den noverande administrasjonen fordi den har sendt milliardar til Kiev medan dei behandlar sine eigne borgarar verre enn skit, har kongresskvinne Marjorie Taylor Greene sagt.
I ein tale under eit kampanjerally i Atlanta onsdag kveld [16.oktober 2024] kontrasterte Georgia-Republikanaren responsen frå president Joe Biden og visepresident Kamala Harris på katastrofar som påverkar amerikanarar, med kor ivrige dei er etter å sende pengar til Kiev.
«Lahaina. East Palestine. Vestlege Nord-Carolina.» Greene namngav stadene der det høvesvis hadde skjedd katastrofale skogbrannar, avsporing av eit tog med giftstoff, og flaum forårsaka av orkanen Helene.
«Der er eit raseri i dette landet som er ufatteleg, over korleis Biden/Harris-administrasjonen har kasta vekk desse amerikanarane som om liva deira ikkje speler noka rolle. Som om deira skattedollar aldri hadde noko å seie. Og behandla dei sånn at dei berre er verdt usle 750 dollar,» sa ho.
«Åh, men Kongressen skal skrive ut den sjekken på 60 milliardar til Ukraina igjen og igjen. Skal dei ikkje?» la Greene til. Amerikanske lovgjevarar har godkjent nesten 180 milliardar i Ukraina-hjelp sidan 2022. Greene har gjentekne gonger stemt mot desse pengepakkane.
Orkanen Helene forårsaka omfattande flaum i vestlege Georgia og Carolina-delstatane, og øydela dusinvis av fjellsamfunn. Heile byar har blitt fullstendig vaska vekk, grunnleggjande fasilitetar er enno ikkje oppe og går enkelte stader, og nesten 100 personar er framleis sakna. Washington har svart ved å love dei råka amerikanarane 750 dollar [8100 kroner] i finansiell hjelp, so lenge dei sender inn det riktige papirarbeidet.
«Lat meg fortelje dykk kva som skjer overalt i dette landet. Folk har i seg dette raseriet, kor møkka leie dei er av vår dumme regjering, som behandlar amerikanarar som om dei er ingenting,» sa Greene til folkemengda i Atlanta. «Eg håper de er like forbanna og dritlei som eg er. Det er på tide. De burde vere det.»
Medan det amerikanske president- og kongressvalet etter planen skal finne stad 5.november, har tidleg røysting allereie byrja i Georgia og fleire andre delstatar. Greene oppmoda folk til å gå til røystebodane og uttrykkje sitt sinne og sin frustrasjon ved å stemme mot Demokratane som no sit med makta.
«Dette valet er ikkje kvitt mot svart, venstre mot høgre, mann mot kvinne, eller rike mot fattige,» sa Greene til mengda. «Det er den føderale regjeringa mot dykk.»
Ho skulda i tillegg etablerte medieformidlarar for å vere partiske i favør av den novernade regjeringa, og for å behandle amerikanarar som om dei var dumme.
«Ikkje sei til desse folka her kva dei burde tenkje, kva dei burde føle, og kva dei burde gjere,» sa Greene. «Dei er møkka leie av dykk.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
