Martin Armstrong på nettstaden sin Armstrong Economics skriv:
Den europeiske union byrjar å endre sin ståstad rundt sin eigen opne grense-politikk. Meir enn 1,14 millionar søkte asyl i EU i fjor, ein befolkningsauke som ikkje på nokon måte er berekraftig. EU-kommisjonspresident Ursula von der Leyen har møtt skarp kritikk frå medlemsstatar i heile blokka, som krev at Brüssel gjer noko med situasjonen. Von der Leyen har no uttrykt interesse i å skape «returneringssamlingspunkt» [engelsk return hubs] for å huse og deportere migrantar som får avslag på søknadene sine.
Eg [Martin Armstrong] rapporterte at Italia såg ein reduksjon på 64% av ulovleg innvandring under president Giorgia Meloni, som lovde å avgrense innvandring om ho vart valt. I staden for å byggje mottak for å huse migrantar med skattebetalarmidlar, bygde Meloni senter for å halde dei innesperra. Centri di Permanenza per in Rimpatrio (CPR-ar) eller Repatrieringssenter var ekstremt kontroversielle, men effektive. Tusenvis av migrantar vart pågripne og deporterte dersom søknaden deira om asyl vart avslått. Ordet spreidde seg om at forholda i desse sentra var mindre fordelaktige, noko som gjorde Italia til eit mindre ønskt mål for dei som ville trengje seg inn.
Ursula von der Leyen støtta Meloni so fort so innsåg at migrantar spreidde seg til resten av blokka frå Italia, og har peikt på måten Meloni tenkte «utanfor boksen» for å stoppe tilstrøyminga av nykomarar. Spesifikt sa presidenten for Europakommisjonen at Italia-Albania-protokollen viste seg effektiv, der begge nasjonane skreiv under på ein traktat som tillèt Italia å sende asylsøkjarar som blir funne i internasjonalt farvatn tilbake til Albania der dei blir haldne i mottakssenter. «Vi burde òg halde fram med å utforske moglege måtar framover når det gjeld ideen om å opprette tilbakesendingssamlingspunkt utanfor EU, spesielt i lys av eit nytt lovforslag om tilbakesending,» skriv von der Leyen. «Med starten på operasjonar til Italia-Albania-protokollen, vil vi òg bli i stand til å lære noko av denne erfaringa i praksis.»
17 medlemmer av EU sendte eit dokument til Brüssel tidlegare i månaden der dei kravde ei grensereform. «Folk utan retten til å bu i landet må ansvarleggjerast. Eit nytt juridisk grunnlag må tydeleg definere deira plikter,» sa medlemmene. «Manglande samarbeid må få konsekvensar og bli sanksjonert.» Plutseleg innsåg leiarane av europeiske nasjonar at dei var underlagt Brüssel maktmessig og hadde mist evna til å sikre sine eigne grenser.
Dei 17 medlemsstatane krev at Brüssel innfører reglar for å pågripe og deportere migrantar som kan utgjere ein trugsel mot nasjonaltryggleiken. Vidare ønskjer dei at ikkje-EU-nasjonar skal ta sine eigne borgarar tilbake når dei blir deportert. Som med alt, so styrer pengar, og desse nasjonane er viljuge til å bruke handel og pengegåver eller naudhjelp som pressmiddel, slik Italia gjorde med talrike afrikanske nasjonar under Mattei-planen.
Tallause EU-nasjonar prøver å kontrollere grensene sine, og i å gjere dette gjev Brüssel vekk makta si. Polen prøvde til og med å erklære ein mellombels stopp av mottak av asylsøkjarar same veka som Ursula uttrykte bekymring over migrantkrisa. Det påtvinga samhaldet i Den europeiske union er i ferd med å gå opp i saumane.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
