Cassie B. i Natural News melder:
Etter kvart som Valdagen nærmar seg ligg emnet immigrasjon i sinnet på mange amerikanarar, spesielt med tanke på kor mykje verre det vil bli om Kamala Harris blir president.
Dette prospektet var nyleg eit diskusjonstema for Alex Jones, som sa at dersom Demokratar blir sitjande med makta, mykje slik som i Europa, «vil landa våre bli gigantiske frilufts-migrantleirar; det er dei eigentleg allereie.»
Han trekte òg merksemd til eit FN-strategi-dokument frå 2000 med tittelen «Replacement Migration: Is it a Solution to Declining and Ageing Population?» [«Erstatningsmigrasjon: Er det ei løysing på ei minkande og aldrande befolkning?»] som han har drive og rapportert om opp gjennom åra, sjølv om det er eit emne som ofte får folk bannlyst på sosiale media. Hans eige forsøk på å få merksemd rundt det i 2018 vart sensurert, som er interessant når ein ser på det faktum at dokumenta er tilgjengelege på FN si eiga nettside.
Rapporten, som vart publisert av FN sin eigen Befolkningsdivisjon, ser på potensielle «erstatningsmigrasjons»-scenario i land rundt om i verda som kan hjelpe dei motverke låge fruktbarheitsratar og vedlikehalde befolkningsstorleiken sin. Ved å importere arbeidarar frå andre land for å erstatte dei som sluttar i arbeidslivet på grunn av pensjon, seier teorien, kan nasjonar halde befolkningsstorleiken og aldersstrukturen stabil.
Rapporten spådde befolkningsfall for Japan og mesteparten av Europa innan 2050, der stader som Italia og Estland potensielt kunne misse so mykje som ein tredjedel av befolkninga.
Dei utforska òg kor mykje immigrasjon som trengst for å halde på dei noverande befolkningsstorleikane, og for enkelte stader er talet hårreisande. Sør-Korea, som har slite med ein bekymringsverdig låg fødselsrate, vil trenge 5,1 milliardar innvandrarar for å halde sin rate av arbeidsalder-befolkning på 1995-nivå, ifølgje rapporten. Dette tilsvarer nesten heile verdas befolkning og er fullstendig ugjennomførbart for eit so lite land – for ikkje å nemne at dette ville gjere sør-koreanarar til ein minoritet i sitt eige land.
Det er ei liknande historie for amerikanarar og europearar, som ifølgje rapporten vil måtte overfløymast med fleire hundre millionar migrantar innan 2050 for å vedlikehalde befolkningsnivåa.
Rapporten hevdar: «For å halde den potensielle støtteraten konstant på det nivået, vil det vere naudsynleg å få 593 millionar immigrantar frå 1995 til 2050, eit snitt på 10,8 millionar per år. Innan 2050, ut av ei USA-totalbefolkning på 1,1 milliardar, vil 775 millionar, eller 73%, måtte vere etter-1995-immigrantar eller deira avkom.»
Med andre ord trur FN at vi treng 600 millionar immigrantar til å overfløyme USA innan 2050 – og dersom Demokratar får det som dei vil, kan vi finne oss sjølve på veg dit.
I mellomtida seier rapporten at det vil bli behov for minst 159 millionar migrant-arbeidarar i Europa innan 2025 for å halde på sin noverande aldersbalanse, men det langsiktige perspektivet er enno meir urovekkjande: «I det verst tenkjelege scenarioet, vil ein ha behov for 1,4 milliardar migrantar innan 2050, eit snitt på 25,2 millionar i året. Dette tydar at innan 2050 vil Europas befolkning vere på 2,3 milliardar, der 1,7 milliardar, nesten tre fjerdedelar, er migrantar eller deira etterkomarar.»
Planen til FN vil øydeleggje USA og Europa
Med tanke på korleis det går akkurat no i Europa og USA med migrantar, vil denne typen tilstrøyming bli absolutt øydeleggjande. I løpet av dei siste få åra har meir enn to millionar migrantar teke seg inn på det europeiske kontinentet, og mange av dei lever på statleg bistand i staden for å bidra til samfunnet. Kriminalitet mange stader veks ut av kontroll, der fastbuande opplever at deira tidlegare trygge nabolag endrar seg på skremmande vis.
Ein person som ikkje kjem til å underkaste seg FN sine latterlege krav, er tidlegare president Donald Trump, som nyleg erklærte: «Når eg vinn 5.november, tek migrantinvasjonen slutt og gjenopprettinga av landet vårt byrjar.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
