S.D. Wells i Natural News skriv:
Om du lurer på kvifor so mange kriminelle i USA har sleppt unna med straffbare handlingar dei siste fire åra, er det fordi det Demokrat-kommunistiske manifestet vil at det skal vere sånn. Om det ikkje gjev meining for deg at kriminelle i våre dagar ikkje eingong treng å betale kausjon etter å ha utført horrible brotsverk, og når dei fyrst kjem i retten, so får dei berre eit klaps på handa og blir sleppt fri for å utføre fleire brotsverk, er det fordi Demokrat-politikarane vil at det skal vere sånn. Kvifor?
Dess meir kriminalitet som skjer i nasjonen, dess meir skrik befolkninga at deira Big Brother-stat skal «redde» dei frå det, noko som tydar fleire vaktbikkje-kamera overalt, færre privatlivvern-lover, meir skytevåpen-konfiskeringslovverk for å gjere folket makteslause. Skjøner du?
Det, folkens, er hovudgrunnen til at kriminalitetsratane har gått til himmels i USA dei siste fire åra, medan Demokrat-politikarane lyg for å dekkje over det under sine «gjenvals»-kampanjar. Tvil ikkje, desse kriminalitetsratane vil halde fram med å skyte i vêret, spesielt om dei vinn i november og held grensene vidopne slik at millionar fleire kriminelle tek seg inn i landet.
Demokrat-politikarane hevdar ofte at Republikanarar og konservative som støttar Trump er «MAGA»-ekstremistar, men MAGA er hovudslagordet for høgresida, og er ein positiv bodskap. Kva om konservative styrte landet akkurat no, og vi alle refererte til Demokratar som «Way Forward»-ekstremistar eller «Turn the Page»-innanlandsterroristar? Trass alt er kriminalitetsratane i Demokrat-styrte storbyar verre enn nokon andre stader, og verre no enn nokosinne.
Valdkriminalitetsratane har skote i vêret under Biden/Harris-kommunisregimet, men blir stille dekt over under valsyklusen
Terningen er kasta, i det steindumme Kamala Harris prøver å lyge so det renn av ho og hevdar at USA er heilt i orden og treng fire år til med det same, og vi berre er nokre veker unna å redde USA ved å sparke kommunistane på ræv ut av embetet. FBI, Federal Bureau of Insidiousness [«føderalt byrå for vondskapsfull list»], er djupt involvert i å iscenesetje, spreie og dekkje over valdskriminalitet i nasjonen. Dei fleste amerikanarar kan rett og slett ikkje fatte og begripe dette.
Det vart akkurat avslørt at FBI «fann» (som tydar at dei laug, dekte over dei, for so å innrømme alt då dei vart tekne i det) tusenvis av valdelege brotsverk for å få statistikken til å sjå betre ut for leiar-Demokrat-kommunistane som stilte til val. Desse dekte over valdelege brotsverk, som inkluderte ran, valdelege overfall, valdtekter og mord.
Jepp, talet valdelege brotsverk som Demokratane og FBI fyrst rapporterte i 2022 var mykje lågare enn den verkelege statistikken, fordi der var over 37 000 fleire valdelege overfall enn dei rapporterte, meir enn 33 000 fleire ran, meir enn 7700 fleire valdtekter, 4300 fleire sexbrotsverk, og nesten 1700 fleire mord.
Kriminalitetsratane har gått til himmels, men statistikken som er rapportert kjem ikkje eingong i nærleiken av dei ekte tala, fordi dei liberale påtalestyresmaktene og dommarane lèt so mange sleppe unna, pluss at mange av desse ulovlege innvandrarane aldri blir tiltala, eller dei kan ikkje eingong identifiserast sidan dei ikkje har nokon dokument i systemet.
Giftige legemiddel (slangegift-piller) og tanke-endrande «vaksinar» (mRNA-piggprotein-injeksjonar) legg stein til børa i det forskrudde mentalhelse-kaoset overalt i nasjonen. So blir gatedop-pandemien forverra no når Harris/Biden-regimet importerer fentanyl i rekordtal og lèt dei meksikanske kartella sende dop og menneske overalt.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
