Syrisk familie skaper elende for pensjonistar i Hamburg: «Ein av dei DREIT utanfor ytterdøra!»

Nettstaden Remix News melder:

Ein pensjonist frå Hamburg har delt sine urovekkjande erfaringar i det som ein gong var eit fredeleg nabolag, som no står overfor betydelege utfordringar på grunn av at der har kome ein diger syrisk flyktningfamilie der.

Pensjonisten, som bur i eit rikmannsstrøk i den tyske hamnebyen, skildrar korleis heimen hennar har blitt forvandla frå ein «Bullerbü» (ein referanse til den idylliske barnebokserien til Astrid Lindgren), til ei kjelde for konstant stress og frustrasjon.

Familien på 10 okkuperer ei treroms statssubsidiert leilegheit der, ifølgje pensjonisten, berre eitt barn kan noko tysk. Mangelen på kommunikasjon har forverra det kulturelle skiljet mellom dei nyankomne og lokalinnbyggjarane, som ein gong i tida naut eit fredeleg bumiljø.

Opplevingane hennar vart sett fokus på i fleire brev sendt til NIUS, ein tysk medieformidlar som har dekt den noverande asylkrisa og påverknaden den har på lokalsamfunna.

Pensjonisten, som skildrar den forstyrrande åtferda til familien, skreiv: «I byrjinga var mora mi veldig snill og hjelpsam overfor familien. Men no er dei til sjenanse. Dei er høglytte, dei kastar søpla si utanfor døra, og her om dagen dreit ein av dei framfor døra.» Slike hendingar har ikkje berre skapt ein ubehageleg busituasjon, men har òg ført til kjensler av hjelpeløyse blant naboane.

Pensjonisten fortalde òg at ho hadde opplevd tjuveri og uro: «To syklar vart stolne, og etter at eigaren truga 14-åringen, kom dei tilbake igjen på mystisk vis.» Desse tjuveria har vore del av eit større mønster av forstyrringar som har frustrert bebuarane og fått fleire til å ringje til politiet ved fleire høve.

Trass forsøk på å formidle desse problema til utleigar og lokale styresmakter, har responsen vore mangelfull. I eit brev til utleigar skreiv pensjonisten: «Før denne familien flytta inn, var det eit stille hus. Det kan ikkje vere slik at vi skal måtte finne oss i alt dette.» Derimot antyda svaret til utleigar at naboane burde ta ei meir aktiv rolle i å hjelpe familien med å finne seg til rette.

«Kanskje kan De hjelpe mora og spørje av og til korleis ho har det? Dette kan kanskje føre til at de snakkar saman meir fredeleg,» svarte han.

Pensjonisten opplevde dette rådet som ikkje berre upassande, men òg irriterande. Ho svarte: «Skulle eg liksom integrere meg sjølv i min eigen heim? Er det ikkje familien sitt ansvar å tilpasse seg?»

Saka set søkjelys på dei veksande frustrasjonane blant innbyggjarar i Hamburg, ein by som har blitt eit knutepunkt for asylsøkjarar. Når tilstrøyminga av flyktningar held fram, føler mange lokalinnbyggjarar at eit skilje dannar seg, noko som trugar stabiliteten og ryktet til eit eingong so triveleg nabolag.

«Folk her ønskjer å bu i fred og ro,» klaga pensjonisten, «men vi blir konstant mint på at måten vår å leve på blir utfordra.»

Denne veksande misnøya skaper viktige spørsmål om integrasjonspolitikk og samfunnsstøtte sidan byar som Hamburg strevar med realiteten til auka migrasjon og utfordringane som følgjer med. […]

Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget