Anerkjent italiensk prest hevdar at Frans ikkje er den legitime paven

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

I ein nyleg preik sa den prominente presten Fader Giorgio Maria Faré at han trur Frans ikkje er ein verkeleg pave fordi pave Benedikt XVI ikkje trekte seg heilt frå embetet.

Under preika 13.oktober hevda Faré at Benedikt ikkje trekte seg fullstendig frå paveembetet og var pave heilt til han døydde i 2022.

Presten antyda òg at pave Frans vart valt på tvilsamt grunnlag og at Benedikt bevisst ikkje gjekk av.

LifeSite News rapporterer: Faré opna preika si med å forklare at i dei siste åra har han brukt mykje tid på å undersøkje tilstanden til Kyrkja, og at han etter mykje bøn og refleksjonar har nådd ein ubehageleg konklusjon.

«[Ein] prest må velje om han skal preike om kva Den heilage skrifta og Kyrkja alltid har lært oss, eller halde seg til det den sokalla pave Frans lærer oss i hans ordinære magisterium. Ja, de forstod meg rett. Eg sa den sokalla pave Frans. Det eg fortel dykk her i dag… er at i over elleve år har ein mann som er anerkjent som pave av fleirtalet, sete på St. Peters stol, men han er derimot ikkje den legitime paven,» sa Faré.

Avgangen til Benedikt var ugyldig

Faré gjekk deretter i detalj om kvifor han meiner avgangen til pave Benedikt var ugyldig, nemleg at det var ei erklæring, ikkje ein formell abdikasjon, og det mangla sjølve det å trekkje seg.

«Formularet ‘eg erklærer å seie frå meg’ er, i juridisk terminologi, ikkje det same som å seie ‘eg seier frå meg’. Paven [Benedikt] burde ha sagt ‘eg erklærer å seie frå meg, som at eg faktisk seier frå meg’, eller eit liknande formular. Som det vart sagt fram, er erklæringa til Benedikt XVI faktisk berre ei erklæring, ikkje ei juridisk gyldig handling, ei heller vart den følgt av noka ratifisering.»

Presten la deretter vekt på at Benedikt valde tittelen Declaratio, eller «Erklæring», for sin offisielle avgang i staden for «resignasjon» eller «abdikasjon».

Faré la til at avgangen til Benedikt mangla viljen til å seie frå seg paveembetet. Presten sette søkjelys på at i si originale latinspråklege erklæring, brukte Benedikt terminologien ministerium, som refererer til den synlege utøvinga av paveembetet. Men Faré, som viser til Canon 332 §2 av Cod Iuris Canonici, hevdar at for at avgangen skal vere gyldig, ville han måtte ha trekt seg frå munus, «kontoret» til paveembetet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget