Big Pharma med DIGRE utbetalingar til fagfellar i store medisinske tidsskrift

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Eit nytt forskingsbrev publisert i Journal of the American Medical Association (JAMA) avslørte at dei fleste fagfellar for medisinske tidsskrift får industriutbetalingar.

Utbetalingane, som blir gjevne til legar som utfører fagfellevurderingar av dei som lagar legemiddel og medisinsk utstyr, utgjorde totalt 1,06 milliardar dollar i dei tre åra som vart studerte.

Dette er tydeleg ein interessekonflikt, og medan tidsskrift ofte har interessekonflikt-retningslinjer som blir brukt på forfattarar, held særs få av dei fagfellar under den same standarden.

Forskarane såg på dei generelle og forskingsrelaterte utbetalingane som legar som tente som fagfellar for større tidsskrift fekk av legemiddel- og utstyrsprodusentar frå 2020 til 2022.

Enkelte av publikasjonane som vart studert inkluderer The Lancet, The New England Journal of Medicine, BMJ og til og med JAMA, som publiserte forskingsbrevet.

Praktikant-urolog ved Universitetet i Toronto, lege David-Dan Ngyuen, som var forfattar av studien, sa: «Sjølv om interessekonfliktar blant tidsskrift-redaktørar og forfattarar har blitt etterforska, har den tradisjonelt ugjennomsiktige naturen til fagfellevurdering hindra deira evaluering blant fagfellar, trass at dei speler ei særs viktig rolle i akademisk publisering.»

Dei studerte fagfelle-lista til kvart tidsskrift og samanlikna det med informasjon frå Open Payments-databasen om generelle og forskingsutbetalingar. Meir enn 7000 fagfellar stod fyrst på lista, men dette vart snevra inn til 1962 etter å ha ekskludert dei som ikkje var legar, eller dei som ikkje var i USA.

Dei fann ut at nesten 59% av fagfellane fekk minst éi industriutbetaling under den studerte perioden. I denne gruppa fekk meir enn halvparten generelle utbetalingar, og 31,8% fekk forskingsutbetalingar.

Pengane som vart gjevne inkluderte meir enn éin milliard til individ eller deira institusjonar, meir enn 64 millionar i generelle utbetalingar, 11,8 millionar i tale-kompensasjonsvederlag, og meir enn 34 millionar i konsultasjonsvederlag.

Fagfellevurderingar håvar inn tusenvis av dollar frå farmasøytiske selskap

Nøyaktig kor mykje verdt er ei fagfellevurdering i dagens marknad? Forskarane fann ut at snitt-forskingsutbetalinga var på sjenerøse 153 173 dollar, medan den generelle snittutbetalinga var 7614 dollar. Der var eit betydeleg skilje mellom kjønn, der mannlege fagfellar fekk ei total snittutbetaling på 38 959 dollar versus 19 586 for kvinner; skilnaden i generelle utbetalingar var eit snitt på 8663 dollar for mannlege fagfellar versus 4183 dollar for kvinnelege. Utbetalingane varierte òg etter kva fagfelt det var snakk om, der enkelte spesialistar tente betydeleg meir enn andre.

Forfattarane peikte på at dei ikkje vurderte utbetalingar frå organ slik som teknologi- og forsikringsselskap, noko som tydar på at dei kanskje underdreiv utbetalingane som fagfellar får.

Mange gonger blir studiar sett på som meir pålitelege om dei har merket «fagfellevurdert» i seg, men forsking som dette viser kor lite den terminologien eigentleg tydar.

«Fagfellar oppfører seg som kritiske autoritetar både når det gjeld validiteten og relevansen til fagfellevurderte studiar. Difor er det å forstå det potensielle intellektuelle og finansielle forholdet som kan påverke avgjerdstakinga deira, ein nøkkel til å forstå korleis dette påverkar den fagfellevurderte litteraturen,» sa medforfattar av studien dr. Christopher Wallis ved Universitetet i Toronto.

Upartisk informasjon om medisinomsorg er vanskeleg å finne

I desse dagar er det vanskeleg å finne upartisk informasjon om medisinomsorg; sjølv legar er ikkje pålitelege, sidan dei i aukande grad får bestikkelsar frå farmasøytiske selskap for å skrive ut legemiddela deira.

Ein studie av ProPublica fann meir enn 700 legar som hadde fått minst éin million dollar i bestikkelsar frå farmasøytiske selskap, noko som reiser tvil om kva som motiverer dei til å skrive ut eit legemiddel, og om det verkeleg er behov for det i kvart tilfelle dei skriv ein respekt på det.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget