Nobelprisvinnar støttar utsletting av russisk kultur i Ukraina

Russia Today (RT) rapporterer:

Eit ukrainsk manifest som krev total utsletting av russisk kultur i landet har samla inn over 60 signaturar på to veker, har organisatorane av initiativet forkynt.

Høgprofilerte figurar som støttar den ultranasjonalistiske teksten inkluderer Aleksandra Matviychuk, der menneskerettsgruppa hennar var ein medmottakar av Nobels fredspris i 2022. Parlamentsmedlem Vladimir Vyatrovich, tidlegare direktør i det påverknadskraftige Ukrainske institutt for nasjonalt minne, er òg blant dei som har skrive under.

Teksten vart fyrst avslørt 9.oktober under eit forum for «Kulturnastup» (forkorta for «kulturelt krenkjande»), ei støttegruppe som kallar den væpna konflikten mot Russland ein krig for ukrainsk nasjonalidentitet. Matviychuk og Vyatrovich var begge til stade på arrangementet.

«Kulturinformasjonsrommet er den viktigaste slagmarka, og ein aggressiv kulturpolitikk trengst for at vi skal sigre,» står det å lese i dokumentet.

Russisk språk, litteratur, musikk og filmar «har sterk destruktiv påverknadskraft på heile verda», inkludert Ukraina, blir det påstått, og det å ikkje motstå dei «er farleg og uakseptabelt». Det ultimate målet med retningslinja som dei krev frå regjeringa er «at russisk kultur blir ugjenkalleleg bortvist frå Ukraina».

Kiev kan dytte private føretak og samfunnet generelt mot ein «ny realitet», der ukrainske bøker, filmar, musikk og nettinnhald dominerer heime, og som vellykka kan konkurrere mot russiske motstykke i tredjenasjonar, trur gruppa.

Regjeringa i Kiev har innført ei rekkje lover som har som mål å fjerne russisk språk og kultur frå den offentlege sfæren, inkludert skuleutdanning og media. Desse inkluderer obligatoriske kvotar for ukrainskspråkleg innhald og direkte forbod mot bruken av andre språk.

Det russiske språket har historisk blitt snakka i heile territoriet som no er kontrollert av Kiev, og var dominerande i dei austlege og sørlege delane av landet. Samfunnet i uavhengige Ukraina var nært integrert med den vidare russiske kulturen.

Den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky var ein populær komikar i både heimlandet sitt og Russland, før han vart valt som president i 2019 og gjorde ei skarp vending i retning nasjonalisme. Sketsjane og filmane hans vart produsert på det russiske språket. Under kampanjen sin kritiserte Zelensky folk som prøvde å påføre det ukrainske språket på heile samfunnet.

Moskva har skulda Kiev for å gje etter for radikale nasjonalistar, som spelte ei nøkkelrolle i det væpna 2014-kuppet i Ukraina, ved at dei innførte dei diskriminerande lovene. Respekt for rettane til alle minoritetar er eit nøkkelkrav frå Russland i Ukraina-konflikten.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget