Dr. Reiner Füllmich som vart fengsla etter forsøk på å eksponere «plandemien», kjem med optimistisk oppdatering

Cassie B. i Natural News melder:

Dr. Reiner Füllmich delte nyleg ei oppmuntrande oppdatering med dei som følgjer saka, der han legg ut om hans urettferdige behandling og framstega han tek når det gjeld å forsvare seg sjølv.

Füllmich er ein prominent tysk advokat som var ein betydeleg kritikar av covid-19-tyranniet. Karrieren hans strekkjer seg over fleire tiår, og han er òg kvalifisert til å praktisere i California. Han spelte større roller i saker slik som Volkswagen sin utsleppsskandale, men han sette verkeleg sinna i kok hjå styresmakter då han lanserte ei rørsle kjent som Nürnberg 2.0 for å saksøkje dei globale organa bak covid-19-pandemien, som støttar ideen om The Great Reset.

Han danna ein komité som etterforska viruset, spreiinga og risikoen til det, og kor pålitelege PCR-testar er. I tillegg etterforska dei om nedstengingar, sosial avstand, karantene og munnbind utgjorde nokon skilnad når det gjaldt utfall.

Etter å ha blitt lokka inn i den tyske ambassaden i Mexico på falskt grunnlag medan han var på ferie, vart han utlevert frå Mexico til Tyskland, der han vart arrestert på flyplassen i Frankfurt i oktober i fjor, trass mangelen på utleveringsavtale mellom dei to landa – med andre ord vart han kidnappa for å ta del i ei falsk rettssak.

Dokument frå rettsprosessen relatert til saka hans indikerer at eit statleg byrå jobba for å lure han i ei felle, der dei kalla han ein «farleg personlegdom» som «utgjer ein trugsel mot offentleg tryggleik og den demokratiske ordenen».

Füllmich seier til følgjarane at han er optimistisk på at han kjem til å sigre

I denne oppdateringa sa han at han har «evidens for at dette sanneleg er ei falsk rettssak basert på fullstendig fabrikkerte skuldingar utført av både ein korrupt påtalar og ein korrupt dommar».

Han la til at ein ny varslar bekreftar alle desse påstandane.

Dr. Füllmich sa at domstolen og fengselsleiinga har gjort sitt beste for å hindre han og hans advokatar i å kommunisere, i håp om å øydeleggje hans juridiske sak. Til dømes kan ikkje advokatane hans ringje han eller sende han e-postar, og han har ikkje tilgang til ei datamaskin eller Internett. Han kan motta faks, men dei blir ikkje gjevne til han sånn heilt utan vidare.

Han føler derimot at han vil sigre sjølv om han har oddsa mot seg, «fordi det er absolutt 100% tydeleg at vi vinn ikkje berre mi sak, men vi vinn heile denne krigen mot dei vonde kreftene som no blir eksponert ikkje berre i mi sak, men òg i det horrible folkemordet som blir utført i Midtausten.»

Han sit for tida i Rosdorf fengsel, der han i stor grad er avskoren frå omverda, der til og med timen han får utandørs kvar dag for å lufte seg blir tilbrakt i full isolasjon. Det lange opphaldet hans ser ut til å vere i strid med tysk lov, som slår fast at maksopphald for varetekt i forkant av rettssak berre er seks månader.

Dr. Füllmich har vore på isolat dei siste fire månadene. Betjentar som går med skotsikre vestar følgjer han til rettsdatoar der han går med handjarn festa til livet, i tillegg til lenkjer. Han og hans advokatar har ikkje blitt informert om kvifor han får denne behandlinga.

Der er òg andre måtar dei gjer livet hans der forferdleeg. Han la til at nokon som ser ut til å slite med psykisk sjukdom vart plassert i nabocella hans. Han skildra han som «rablande galen», der han snakka med seg sjølv døgeret rundt og skreik og banna heile natta.

Trass alt dette høyrdest dr. Füllmich munter ut i oppdateringa, og lovde å sikre at han får rettferd.

Ein petisjon som kravde at han vart sleppt fri skriv: «Tiltalane mot dr. Füllmich inkluderer underslag, men mange observatørar, inkludert forsvaret hans, argumenterer at denne rettssaka har gått forbi vanlege juridiske prosedyrar og har blitt eit politisk motivert forsøk på å stilne ein prominent kritikarar av covid-19-tiltak.»

«Rettssaka har vist urovekkjande endringar i juridiske parameter, noko som gjer saka vanskelegare og som underminerer rettferdsprinsipp,» la den til.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

One comment

Kommenter innlegget