Belle Carter i Natural News rapporterer:
Ein studie har funne ut at 61% av den mannlege befolkninga i Israel synest at tvinga sex med ein kjenning ikkje er valdtekt. Desto verre deler 41% av israelske kvinner det synet.
Studien som vart utført for 14 år sidan av dr. Avigail Moor, ein klinisk psykolog som har som spesialfelt å behandle offer for seksuell vald, bad informantane å kome med eit enkelt ja eller nei på to spørsmål. Det fyrste spørsmålet var om dei trudde tvinga sex med ein kjenning utgjer valdtekt, medan det andre var om dei følte tvinga sex med ein framand utgjer valdtekt.
Artikkelen spurde 160 kvinner og 159 menn i alderen 18 til 69, og som utgjer eit representativt utval av den israelske befolkninga. Studien fann ut at 61% av menn og 41% av kvinner sa dei ikkje ser på tvinga sex med ein kjenning som valdtekt. Den fann likeeins ut at ni av ti respondentar av begge kjønn sa at tvinga sex med ein framand er valdtekt.
I mellomtida, om dei såg på tvinga sex med ein ektemake som valdtekt, svarte berre 8,5% av kvinner og 7,3% av menn ja.
Når dei vart spurt om ei kvinne burde klage til politiet om ho vart valdteken av ein framand, sa 54% av kvinnene og 52% av mennene ja. Når dei vart spurt om valdtekt av ein kjenning, svarte berre 38% av kvinnene og 20% av mennene at dei trudde offeret burde melde det til politiet.
«Det som er viktig med studien er at den empirisk dokumenterer folkets tolerante haldning til valdtekt av ein kjenning, som er den vanlegaste forma for seksuelt åtak,» sa Moor. «I kontrast til lova, som ikkje skil mellom valdtekt der overgriparen kjenner offeret og valdtekt der overgriparen er framand, ser ikkje folket på tvinga sex av ein frå før kjent person som valdtekt i alle tilfelle, og minimerer alvoret i det.»
Forfattaren argumenterte at rettssystemet i landet og stundom til og med sjølve offera, er forvirra når det gjeld å identifisere ein situasjon som valdtekt og dermed som noko straffbart.
«Som eit resultat av dette synet, har kvinner som blir valdtekne av ein kjenning vanskar med å finne støtte… og blir til og med skulda for å skape dei forholda som mogleggjer hendinga, medan overgriparane ikkje blir fordømte eller straffa,» konkluderte ho.
Denne studien hjelper til med å forklare kvifor israelarar er tilbøyelege til å utføre seksuell vald.
Israelske leiarar forsvarer soldatar som er skulda for valdtekt
Tilbake i august gjekk ein video av ein palestinsk fange som vart gjengvaldteken ved Sde Teiman-fangeleiren i Negev-ørkenen i sørlege Israel av soldatar frå dei israelske forsvarsstyrkane viralt.
Videoen, som har blitt verifisert som legitim av fleire medieformidlarar og ekspertar, viser fangen bli utvalt frå ei større gruppe som ligg på golvet, for so å bli eskortert til ein vegg, der vakter, som bruker skjolda sine til å skjule identiteten sin frå kamera, går hen og valdtek han. Offeret vart seinare overført til eit sjukehus fordi han var ute av stand til å gå etter det brutale åtaket. Ti soldatar som høyrde til ei eining kjent som Force 100 vart til slutt arrestert for valdtekta 29.juli. (Relatert: VONDSKAP: Lekne videoopptak viser IDF-soldatar VALDTA uvæpna palestinsk mann – dei riv opp rektum på han, lagar rifter i tarmane og LAMMAR han.)
Denne hendinga fekk utbreidd fordømming, inkludert frå israelske menneskerettsgrupper og FN-byrå, der alle uttrykte bekymring overfor korleis Israel behandlar palestinske fangar.
For enkelte har derimot raseriet hatt fokus på «det straffbare» i å spele inn videoen, heller enn sjølve valdtekta.
Israelske ekstremistiske finansminister Bezalel Smotrich kravde «ei umiddelbar kriminaletterforsking for å lokalisere dei som lak ut den populære videoen som hadde som intensjon å skade reservistane, og som forårsaka enorm skade på Israel i verda, og å bruke den alvorlegaste ordlyden i lova mot dei.»
Den ekstremistiske ministeren for nasjonaltryggleik, Itamar Ben-Gvir, argumenterte at kvar ei handling gjort av IDF-soldatar, inkludert valdtekt av palestinarar, kan tillatast dersom dei blir gjort utifrå tryggleiken til staten.
Israelske politikarar, inkludert kabinettmedlemmer, har òg forsvart dei skuldige. Ben-Gvir, som òg er ansvarleg for fengselstenesta, sa til israelske media at det var «skammeleg» for Israel å arrestere sine «beste heltar».
Smotrich publiserte òg ei videomelding der han sa at «IDF-soldatar fortener respekt» og må ikkje bli behandla som «kriminelle».
På spørsmål frå Ahmad Tibi, ein av dei arabiske parlamentsmedlemmene i det israelske Knesset, om det var legitimt «å køyre ein kjepp opp i rektum på ein person,» svarte Hanoch Milwidsky, ein medlem av det styrande Likud-partiet: «Dersom han er ein Nukhba [Hamas-militant], er alt legitimt å gjere! Alt.»
Omsett av redaktøren i Saksyndig. Sjå òg denne videoen, der finansminister Smotrich seier det er lovleg å valdta og svelte palestinarar.
