Rundt 51 000 ukrainske soldatar har desertert so langt i 2024

José Alberto Niño på Big League Politics sin Substack melder:

Ukrainakrigen har vore ein katastrofe.

Kyle Anzalone ved Libertatian Institute rapporterte nyleg at det ukrainske påtalekontoret har lansert etterforskingar om 51 000 tilfelle av desertering som visstnok fann stad i dei fyrste ni månadene av 2024.

The Times of London siterte tal frå den ukrainske regjeringa som viser at «51 000 kriminalsaker vart sett i gang for desertering og forlating av ei militæreining mellom januar og september i år.» I ein tidlegare rapport frå den spanske avisa El País stod 45 000 ukrainarar overfor straffeforfølging for desertering frå byrjinga av 2024 fram til august. Al-Jazeera hevdar at talet på deserteringar ligg på minst 30 000.

Visse estimat peiker på at Ukraina har mist rundt 500 000 soldatar sidan Russland lanserte sin invasjon av Ukraina 24.februar 2022. Som eit resultat av desse tapa har Ukraina hatt problem med å finne nye soldatar å sende ut på slagmarka. Dette har fått den ukrainske staten til å seinke vernepliktsalderen frå 27 til 25. Enkelte nykonservative intervensjonistar i USA, som Sør-Carolina-senator Lindsey Graham, har kravd at Ukraina lågnar vernepliktsalderen sin til 18. I eit desperat forsøk på å sende fleire kroppar til frontlinja mot Russland, har den ukrainske staten tillate at fangar blir sette fri om dei sluttar seg til dei væpna styrkane.

Russland har òg hatt betydelege sigrar på frontlinja frå perioden august til september 2024, der dei har teke over 5,5 gonger meir territorium enn i heile året 2023.

Ukraina slit tydelegvis her. Trass at USA og deira vasallstatar i NATO pøser godt over 60 milliardar dollar i militærhjelp til Ukraina, ser det ut som Russland kjem til å vinne denne utmattingskrigen sidan dei har ein større økonomi og fleire folk. Dersom denne konflikten ikkje tek slutt snart, spesielt det av Vesten held Ukraina oppe og går via militær og økonomisk bistand, vil det resultere i den absolutte øydelegginga av Ukraina som ein moderne stat.

Meir sindige hovud ville ha gjort alt mogleg for å stoppe denne stadfortredar-konflikten i Ukraina.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget