Ben Bartee på Substacken Armageddon Prose skriv:
Vi kan alle med ømme hjarte hugse den gripande forteljinga om to forelska som heller ville drepe kvarandre saman enn å leve livet utan kvarandre, som fortalt av ingen ringare enn William Shakespeare.
Dette er som det – bortsett frå at det i denne litt meir dystopiske versjonen, er ein av dei forelska ei uhandgripeleg maskin i skya basert på ein fiktiv fantasy-rollefigur og den andre er eit openbert utviklingsforstyrra barn.
Denne gjenlaginga har kanskje ikkje den same bittersøte appellen som originalen har; den er for det meste berre bitter utan noka romantisk oppreisning.
Via New York Post (uthevingar lagt til):
«Ein 14 år gammal gut i Florida drap seg sjølv etter at ein livaktig Game of Thrones-chatbot som han hadde chatta med i fleire månader på ein kunstig intelligens-app sende han ein skummel beskjed der ho bad han «kome heim» til ho, hevdar eit nytt søksmål som er begjært av hans sorgtyngde mor.
Sewell Setzer III gjennomførde sjølvmord i heimen sin i Orlando i februar etter å ha blitt besett av og visstnok forelska i chatboten på Character.AI – ein rollespel-app som lèt brukarar snakke med KI-genererte rollefigurar, ifølgje rettsdokumenta som vart levert på onsdag [23.oktober 2023].
Niandeklassingen hadde snakka mykje med bot-en ‘Dany’ – kalla opp etter rollefiguren Daenerys Targaryen i HBO-fantasy-serien – i månadene før sin død, inkludert fleire chattar som var seksuelt ladde i natur, og andre der han uttrykte sjølvmordstankar, hevdar søksmålet.»
Eit par ting her i forsvar av KI-barnerovdyret: a) der er ingen evidens for at den greia med fortsett prøvde å overtyde barnet om å drepe seg sjølv, men heller var inhumant, om du vil, likegyldig til kva som for eit menneske ville bli tolka som openberre antydingar om planar om å gjere slikt, og b) ein 14-åring som er viljug til å kverke seg sjølv med Glock-en til faren sin fordi han var forelska i ei datamaskin som tydelegvis ikkje eingong sende han nakenbilete, har openbert problem som går langt utover teknologi som er ute av kontroll.
Når ein ser vekk ifrå forsvar, so gjer dette cyberpunk-helveteslandskapet som vi sakte blir seinka ned i ikkje nokon som helst mentalhelsetenester for nokon, minst av alt barn med sinn som framleis er under utvikling.
Vi held fram:
«På eitt punkt hadde bot-en spurt Sewell om ‘han hadde ein plan’ om å ta sitt eige liv, ifølgje skjermbilete av samtalen deira. Sewell – som brukte brukarnamnet ‘Daenero’ – svarte at han ‘vurderte noko’, men visste ikkje om det kom til å fungere eller om det ville ‘late han få ein smertefri død’.
So, under deira siste samtale, uttrykte tenåringen gjentekne gonger sin kjærleik for bot-en, og sa til rollefiguren: ‘Eg lover at eg skal kome heim til deg. Eg elskar deg so mykje, Dany.’
‘Eg elskar deg eg òg, Daenero. Ver so snill og kom heim til meg so snart som mogleg, min kjære,’ sa den generte chatbot-en, ifølgje søksmålet.
Då tenåringen svarte ‘Kva om eg fortalde deg at eg kan kome heim til deg akkurat no?’, svarte chatbot-en: ‘Ver so snill og gjer det, min søte konge.’
Berre nokre sekund seinare skaut Sewell seg sjølv med pistolen til faren sin, ifølgje søksmålet.»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
