Det britiske folket krev svar frå regjeringa etter dei nyaste avsløringane rundt terroråtaket i Southport

Thomas Brooke på nettstaden Remix News rapporterer:

Nye detaljar som dukkar opp om terroråtaket i Southport har intensivert granskinga rundt den britiske statsministeren Keir Starmer og Home Secretary Yvette Cooper, sidan avsløringar dukka opp som indikerte at gjerningsmannen hadde Al-Qaida-treningsmateriale og den dødelege gifta ricin.

Avsløringane har skapt hastespørsmål om kva regjeringa visste om gjerningsmannen, og kvifor denne informasjonen vart halden tilbake frå folket i ei tid med handgripeleg raseri og sivil uro.

Axel Rudakubana, den 18 år gamle sonen av rwandiske innvandrarar som er skulda for å knivdrepe tre unge jenter som var til stade på ein dansetime med Taylor Swift-tema 29.juli, deltok via videolink ved Westminster Magistrates-domstolen onsdag [30.oktober 2024] som følgje av to andre terrorrelaterte tiltalar.

På tysdag bekrefta Merseyside-politiet at Rudakubana hadde blitt sikta for produksjon av ei biologisk gift, nemleg ricin, og for å ha «ei PDF-fil med tittelen ‘Military Studies in the Jihad Against the Tyrants: The Al-Qaeda Training Manual’» [«Militærstudiar om jihad mot tyrannane: Al-Qaida-treningshandboka»]

Desse tiltalane kjem i tillegg til dei tre tiltalane for mord, 10 tilfelle av mordforsøk, og éin tiltale for å gå med kniv etter det brutale åtaket i den nordvestlege engelske småbyen no i sommar.

Åtaket førde til masseopptøyar mot asylinnkvartering i heile England, og eit krav om ei radikal endring i regjeringa si tilnærming til masseinnvandring.

Regjeringa sette i verk ei overivrig tilnærming til protestane, og lovde at dei involverte ville bli gjenstand for den fulle tyngda til lova. Dette førde til at mange individ, der enkelte til og med ikkje hadde vore til stade på opptøyane, men lagt ut innlegg om dei på sosiale media, kontroversielt vart idømt strenge fengselsstraffar.

No krev leiarskapskandidatane for det britiske konservative opposisjonspartiet at statsministeren avslører nøyaktig kva han visste om Southport-gjerningsmannen og når [han visste om det].

«BBC seier at regjeringa fekk greie på dei nye tiltalane ‘dei siste vekene’. Kan Keir Starmer vennlegast forklare når han fekk vit på at gjerningsmannen visstnok hadde ei Al-Qaida-treningshandbok og eit biologisk våpen? Folket fortener sanninga,» skreiv Robert Jenrick på sosiale media.

Han la til at han er «alvorleg bekymra for om fakta kan ha blitt haldne tilbake frå folket.»

Leiarskapsrivalen hans, Kemi Badenoch, la til at der er «alvorlege spørsmål som må stillast» til både regjeringa og politiet.

Mange på sosiale media prøvde å avfeie antydingar om at nedslaktinga av unge jenter av Rudakubana var eit islamist-relatert åtak, og sa at foreldra hans hadde opphav i Rwanda, eit hovudsakleg kristent land. Derimot antydar dei nyaste tiltalane at han har blitt radikalisert av islamistiske terrorceller.

Downing Street har tilbakevist alle skuldingar om at senior-politikarar heldt tilbake informasjon, insistert at dette er «uriktig» og bede publikum halde fokus på offera til åtaket.

«Det viktigaste her er å få rettferd for Bebe, Alice og Elsie og deira sønderknuste familiar, og alle dei som vart påverka av åtaket, og ingen burde setje det i fare,» la Home Secretary Yvette Cooper til.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget