Russia Today (RT) rapporterer:
Eit program lansert av den tyske regjeringa for å auke sysselsetjing blant arbeidslause ukrainske flyktningar har i stor grad mislykkast, har tidsskriftet Stern rapportert; dei viser til analyse av Det føderale revisjonskontoret. I mellomtida har børa på budsjettet til landet i form av sosiale ytingar til nykomarar gradvis auka, har formidlaren sagt.
Tyskland har vore eit hovudreisemål for ukrainske flyktningar i EU sidan konflikten mellom Moskva og Kiev eskalerte i februar 2022. Det økonomiske krafthuset i blokka har teke imot rundt rekna 1,2 millionar menneske frå Ukraina, rapporterte Stern torsdag [31.oktober 2024].
Av dei får estimerte 720 000 «Burgergeld» – eller borgarlege ytingar – som visstnok kostar tyske skattebetalarar 539 millionar euro i månaden, ifølgje formidlaren [nesten 6,5 milliardar kroner; oms.an.].
Ein analyse presentert av Det føderale revisjonskontoret til budsjettkomiteen i det tyske parlamentet torsdag og sitert av publikasjonen, har funne ut at «meklinga til jobbsentera har utgjort mindre enn éin prosent av rekrutteringar [blant flyktningar] registrert i 2024.» Rapporten er sagt å ha vist til «betydelege manglar i integrasjonsinnsatsen til jobbsentera» som del av grunnen til den låge effektiviteten.
«Job Turbo»-initiativet, som vart lansert i oktober i fjor av arbeidsminister Hubertus Heil, vart på den tida skrytt over som ein måte å få fortgang i overgangen til flyktningar «frå integreringskurset til arbeidsplassen». Heil estimerte at so mange som 400 000 menneske, både frå Ukraina og andre nasjonar, kunne kome seg bort frå statlege ytingar via initiativet.
Ideen var å få til ein straumlinjeforma sysselsetjingsprosess ved hjelp av rådgjeving og tidleg vurdering av kvalifikasjonane til kandidatane.
Derimot, per juni 2024 var berre 30% av ukrainske flyktningar i arbeid, ifølgje Stern – langt under tala ein ser i naboland slik som Danmark.
Ifølgje Stern, som viser til konklusjonane til Det føderale revisjonskontoret, medan Job Turbo-planen har rådgjeving som visjon, har det i praksis ikkje blitt gjeve i rundt ein tredjedel av saken dette året. Dette i sin tur har visstnok ført til at flyktningar i stadig større grad fell ut av integreringskursa.
Eit anna problem sett i søkjelyset av revisorane er at jobbsenter ofte har vore ute av stand til å skaffe seg grunnleggjande informasjon om klientane deira si utdanning, karrierar, ferdigheiter, og dyktigheit i det tyske språket, noko som hindrar individ i å bli vellykka integrert i jobbmarknaden, ifølgje artikkelen.
Bild rapporterte òg at revisorane peikte ut dei lange ventetidene for ukrainarar for å få byrje på kursa som ein bidragande faktor til den generelle ineffektiviteten til planen.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
