Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
Den britiske regjeringa har åtvara at sivil uro i Europa og Vesten blir forårsaka av ein sofistikert «russisk desinformasjons»-kampanje.
I Vesten har protestar brote ut over ukontrollert masseinnvandring frå land i den tredje verda og den fortsettlege agendaen for å utradere tradisjonell vestleg kultur. Nokon av uroa har òg blitt relatert til Ukraina-krigen og noverande diskusjonar om «verneplikt» blant statlege tenestepersonar.
Infowars.com rapporterer: Den britiske utanriksministeren, David Lammy, er ein av mange byråkratar som prøver å samle alle sivile handlingar i éin dunge, og kallar dei ein «trugsel mot demokratiet». Narrativet prøver òg å binde alle desse hendingane til «russisk desinformasjon». Med andre ord blir folket, ifølgje David Lammy, hjernevaska av Vladimir Putin til å protestere, og dette er ein strategi frå Kreml for å så splid innåt i Europa.
Den britiske regjeringa sanksjonerte tre russiske byrå og deira senior-leiarar denne månaden, og skulda dei for å orkestrere desinformasjonskampanjar og prøve å nøre opp under anti-Ukraina-demonstrasjonar i Europa.
Social Design Agency (SDA), Structura National Technologies og Ano Dialog, saman med sine direktørar, blir skulda for å stå i fortroppen av eit «omfattande, vondsinna online-nettverk» som på folkemunne er kjent som «Doppelganger» [«dobbeltgjengar»]. Nettverket brukte «svikefulle taktikkar… for å maskere sanninga rundt Russlands ulovlege invasjon av Ukraina og distrahere frå den sanne naturen til krigen,» sa det britiske utanrikskontoret i ei melding på måndag [28.oktober 2024].
Lammy og andre hevdar at dette utgjer ein «trugsel mot demokratiet», og han seier at han vil gå til handling for å stengje ned alle informasjonskjelder. For å vere sikker er Russland involvert i psy-ops [psykologiske operasjonar] som alle land i krig kan vere. Når det er sagt, so er ikkje David Lammy og hans likesinna berre i krig mot Russland, dei er òg i krig mot Storbritannia og befolkninga i EU.
Ein burde merkje seg at Lammy er i ferd med å bli fast gjest i Atlantic Council, som har vore djupt involvert i eskalering av ukrainske spenningar med Russland i over eit tiår. Han sit òg i rådgjevingsstyret i den europeiske greina av Council on Foreign Relations. Forholda hans med globalistiske institusjonar hjelper med å forklare kvifor han er fiendtleg mot konservative og anti-progressive rørsler.
Som Lammy argumenterer på sin nylegaste konferanse med ukrainske tenestepersonar, er kvar ein idé om at allierte ikkje er sameinte «berre til fordel for Putin». Klart må denne «sameininga» òg bli utvida til den sivile befolkninga (med tvang, om naudsynleg), elles ser Lammy og kohortane hans temmeleg latterlege ut.
Taktikken å binde all sivil dissens til planane til ein utanlandsk motstandar er ei forteljing som er like gammal som oligarkiet. Det er ein måte for regjeringar å ugyldiggjere eller avfeie folkeopposisjon til politikken utan å misse ansikt, fordi dei kan hevde at all dissensen er astroturf [kunstig grasrotrørsle]skapt av vondsinna utanlandske byrå.
Kina gjorde dette med Hong Kong-protestane i 2019, der dei var ute etter å gje vestlege regjeringar skulda etter at borgarane i Hong Kong opponerte mot å bli plassert under total kontroll frå CCP. På denne måten marginaliserte det kommunistiske regimet millionar av menneske og deira rett til sjølvbestemming ved å rett og slett framstille desse protestane som styrte. Dette er nøyaktig det David Lammy gjer med britiske og EU-borgararar som ønskjer eit oppgjer rundt statleg overtramp.
Dette propagandamerket har blitt brukt jamleg i USA òg, der Demokratane konsekvent skuldar Putin og Russland for auken av konservative rørsler og suksessen til Trump-kampanjen. Dersom elitane nokosinne måtte innrømme at folkedissens er legitim, ville dei misse illusjonen om at dei er «beskyttarane av riket». Utan ein utanlandsk fiende å skulde, blir desse same tenestepersonane eksponert som dei sanne fiendane til «demokratiet», og det vil dei definitivt ikkje.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
