Ben Bartee på Substacken Armageddon Prose skriv:
Internettarkiv – som namnet antydar, arkiverer nettsider som augneblinksbilete i tida – tener som eit uvurderleg verktøy for uavhengige journalistar, sidan dei tilbyr eit vindauge inn i informasjon som dei herskande styresmaktene og apparatsjikane i konsernmedia helst såg forsvann i eit minnehòl.
Som berre eitt blant tallause døme, utan nettarkivering ville vi ikkje ha fått greie på at CDC i det stille prøvde å snike ein ny definisjon på «vaksine» under nasane på folket, slik at dei kunne sleppe mRNA-sprøytene som dei dreiv og prakka på oss på den tida inn i rammeverket. Om den tidlegare definisjonen hadde blitt verande, ville dei ikkje ha kvalifisert som «vaksinar» fordi, ulikt kvar einaste faktiske vaksine i historia, gjev dei ikkje immunitet.
Via Miami Herald 27.september 2021 […]:
«Sosiale media roper varsku om at Centers for Disease Control and Prevention modifiserer sin definisjon av orda ‘vaksine’ og ‘vaksinasjon’ på nettsida si.
Før endringa stod det å lese om definisjonen på ‘vaksinasjon’ ‘det å introdusere ein vaksine i kroppen for å produsere immunitet mot ein spesifikk sjukdom’. No har ordet ‘immunitet’ blitt bytta ut med ‘beskyttelse’.
Terminologien ‘vaksine’ vart òg endra på. CDC sin definisjon endra seg frå ‘eit produkt som stimulerer ein persons immunforsvar til å produsere immunitet mot ein spesifikk sjukdom’ til den noverande ‘eit preparat som blir brukt til å stimulere kroppens immunrespons mot sjukdommar’.
Enkelte har spekulert at dei endringane, som ikkje vart informert om, var CDC sitt forsøk på å skjule det faktum at covid-19-vaksinar ikkje er 100% effektive i å hindre koronavirus-infeksjon. Den amerikanske representanten Thomas Massie frå Kentucky skreiv i ei populær Twitter-melding at CDC hadde ‘vore travle ved Sanningsministeriet’.
Derimot sa ein CDC-talsperson til McClatchy News at ‘dei subtile endringane i ordlyd over tid… har ikkje påverka den øvrige definisjonen.’»
Er det berre tilfeldig at den desidert beste nettarkiveringstenesta på nettet blir teken ned av det som tydeleg er eit velorkestrert, ressurssterkt åtak berre nokre dagar før eit høgst kontroversielt presidentval? [Innlegget vart publisert 4.november; oms.an.]
Alt er naturlegvis mogleg, men incentiva teknokratane har for å uskadeleggjere infrastrukturen som uavhengige journalistar og gjennomsnittspersonar stoler på for å samle og arkivere hendingar i direktetid ligg der alle som éin.
Via Brownstone Institute […]:
«Tenesta Archive.org som har eksistert sidan 1994, har slutta å ta bilete av innhald på alle plattformer. For fyrste gong på 30 år har vi gått ein lang tidsperiode – sidan 8.-10.oktober – utan at denne tenesta har samla livet til Internett i direktetid.
I skrivande stund har vi ingen måte å verifisere innhald som har blitt publisert i tre veker i oktober, som fører opp til dagane til det mest omstridde og konsekvensfulle presidentvalet i vår levetid… I praksis er heile hukommelsen til vårt hovudinformasjonssystem berre eit digert svart hòl akkurat no.
Problema på Archive.org byrja 8.oktober 2024, då tenesta plutseleg vart råka av eit massivt tenestenektåtak (DDOS) som ikkje berre tok ned tenesta, men som òg introduserte eit nivå av svikt som nesten la den fullstendig ned.
Med andre ord har den einaste kjelda på heile World Wide Web som tek vare på innhald i direktetid blitt gjort udyktig. For fyrste gong sidan sjølve nettlesaren vart oppfunnen, har forskarar blitt frårøva evna til å samanlikne fortidig innhald med notidig, ei handling som er eit krondøme på forskarar som undersøkjer handlingar frå regjeringar og konsern…
Det dette tydar er følgjande: Kvar ei nettside som publiserer noko i dag og fjernar det i morgon, etterlèt ingen spor med mindre nokon ein eller annan stad tilfeldigvis tek eit skjermbilete. Sjølv då er det ingen måte å verifisere autentisiteten. Standard-tilnærminga til å vete kven som sa kva og når er borte. Det vil seie at heile internett allereie blir sensurert i direktetid, slik at i løpet av desse livsviktige vekene, når store delar av folket forventar skite spel, kan alle i informasjonsindustrien sleppe unna med alt og ikkje bli tekne.»
Med dystopisk fiksjon som vår ofte brukte guide for å forstå kva som skjer her i den ekte verda, vender vi oss til våre gamle venner, grisane (som metafor for despotar) i Animal Farm og deira «evolusjon» av Dei sju boda, som opphavleg hadde som intensjon å vere skrivne i stein.
Via Literature Wise […]:
«Dei sju boda – skrivne på låveveggen – er dei grunnleggjande prinsippa til animalisme og vart opphavleg skildra som ‘lover som ikkje kunne endrast’ som dyra skulle leve under. Dei vart meint å halde dyra likeverdige og sikre at alle dyr var sanne mot sin eigen natur. Over tid byrja boda å endre seg; dei fekk av uforklarlege grunnar tillegg. Dyra ser det boda seier og stiller spørsmål ved sin eigen hukommelse…
Alle idear om ‘lover som ikkje kan endrast’ blir gått vekk ifrå, og boda blir erstatta av det meiningslause slagordet:
‘Alle dyr er likeverdige, men enkelte er meir likeverdige enn andre.’»
Omsett og noko forkorta av redaktøren i Saksyndig.
