Russia Today (RT) rapporterer:
USA og Storbritannia klargjer kontinental-Europa til ein militær konfrontasjon med Moskva, har den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov hevda.
Lavrov kom med åtvaringa under talen sin ved Inventing the Future-symposiet i Moskva måndag.
Når han snakka om Ukraina-konflikten, la toppdiplomaten vekt på at «angelsaksarane [USA og Storbritannia] forventar å slå landet vårt ved hjelp av Kiev-regimet, akkurat som Hitler, som samla mesteparten av landa i Europa under nazi-flagget.»
«Og, som ein reserveplan, i tilfelle [den ukrainske leiaren Vladimir] Zelensky sitt regime mislykkast, førebur dei kontinental-Europa på å haste i veg inn i eit sjølvmordseventyr og gå inn i ein direkte væpna konflikt mot Russland,» sa han.
Lavrov uttrykte anger over at herskarelitane i mange europeiske land ikkje ser ein framtid for seg sjølve i danninga av ei multipolar verd. I staden «leitar dei etter frelse frå ein hegemon på andre sida av havet», sa han.
Han gjenhugsa korleis den tyske kanslaren Olaf Scholz ønskte velkommen erklæringa i juli om at USA skulle plassere mellomrekkjeviddsmissil i Tyskland. Ifølgje Lavrov var ikkje dette einaste gongen Scholz mislykkast i å stille opp for landet sitt.
«Den tyske regjeringa har skamlaust teke inn over seg den audmjukande øydelegginga av Nord Stream-gassleidningane til skade for dei grunnleggjande interessene til den tyske økonomien og det tyske folket,» sa utanriksministeren.
Russiske senior-tenestepersonar, inkludert president Vladimir Putin, har tidlegare peikt fingere på USA som ein sannsynleg gjerningsmann for Nord Stream-eksplosjonane i september 2022.
Dei har argumentert at Washington hadde dei tekniske metodane til å utføre operasjonen, og hadde mest å vinne på øydelegginga av nøkkel-røyrleidningane, med tanke på at åtaket forstyrra russiske energiforsyningar til EU og tvinga blokka til å gå over til dyrare, USA-forsynt naturgass i væskeform.
Lavrov skildra i tillegg som «uvørdne» forslag frå Ukraina og enkelte i Vesten om å late Kiev bruke utanlandsforsynte våpen til åtak djupt inni russisk territorium.
«Eg kjem ikkje til å snakke om kor ufornuftig sjølve ideen er om å kjempe mot Russland heilt til siger. I beste fall vil dette kraftig redusere sjansane for at potensielle deltakarar i ein slik krig vil ha noka som helst rolle i ei multipolar framtid,» åtvara han.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
