91% av dømde valdtektsmenn i spanske Catalonia er utlendingar

Nettstaden Remix News melder:

Utrulege 91% av dei som er dømt for valdtekt i spanske Catalonia er utlendingar, medan innvandrarar utgjer 17% av den totale befolkninga i den regionen.

Data viser at der er 8505 innsette i catalanske fengsel og at 50,48% av dei er utlendingar. Derimot, når det gjeld spesifikke alvorlege brotsverk, er utlendingar endå meir overrepresentert.

Når det gjeld seksuelle overfall og valdtekt kombinert, er 64,2% av alle fangar utlendingar. Derimot, når kategorien blir broten ned til berre valdtekt, som er eit meir alvorleg brotsverk, er 91,67% utlendingar, ifølgje den spanske avisa Larazon.

Marokkanarar representerer den utanlandske toppnasjonaliteten når det gjeld seksuelle overfall og valdtekter. Neste på lista er colombianarar, dominikanarar, senegalesarar, pakistanarar, ecuadorianarar, rumenarar og algeriarar. Totalt finst der 324 fangar som har utført seksuelle brotsverk, der 208 av dei er utlendingar. For valdtekt finst det 24 i fengsel, og 22 av dei er utlendingar.

I Tyskland blir nesten halvparten av alle gjengvaldtekter, som har nådd rekordhøge nivå, utført av utlendingar, medan blant den andre halvdelen har rundt 25% av dei utanlandske namn, men er tyske statsborgarar. Totalt blir nesten 75% av valdtekter i Tyskland utført av utlendingar eller menn med utanlandsk opphav.

I Italia vart 11 141 kvinner valdtekne av utlendingar mellom 2018 og 2023, noko som utgjer nesten fem tilfelle per dag.

I Sverige står til og med universitetsforskarar med prestisjefylte bakgrunnar overfor straffeforfølging for studien som viste at fleirtalet av valdtekter i landet blir utført av innvandrarar.

I mange tilfelle blir til og med dei som rett og slett protesterer mot innvandrarvaldtektskrisa gjenstand for strafferettsleg påtale for handlingane sine, inkludert i Frankrike.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget