Dødsfall og skadar av covid-19-«vaksinar» kan setje forsikringsselskap i fare for å gå konkurs

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Covid-19-vaksinar skader og drep folk, og det er ikkje berre offera og familiane deira som blir skadelidande; forsikringsselskap kan sjå profitten sin forsvinne i det fleire saker kjem fram i lyset i ein trend som kan ende opp med å setje heile økonomien i fare.

Dr. Dolores Cahill, medisinprofessor i translasjonell vitskap ved University College Dublin School of Medicine, ein immunologi-ekspert med 25 års erfaring i arbeid med antistoff i biomedisinske applikasjonar, har lenge uttrykt bekymring rundt sprøytene og verknaden dei kjem til å få på globalhelsa. [«translasjonell  vitskap/forsking» (engelsk translational research) viser til forsking med mål om å overføre resultat i grunnleggjande forsking til resultat som er til direkte fordel for menneske; oms.an.] Ho trur ikkje berre dei er risikable; ho trur fullt og heilt at alle som har fått til og med éin enkeldose går rundt med ei tidsinnstilt bombe i kroppen, og er på veg mot den sikre død.

«Alle som har ein mRNA-injeksjon kjem til å døy innan tre til fem år, sjølv om dei berre fekk éin injeksjon,» sa ho. Naturlegvis var desse kommentarane, som ho har kome med sidan vaksinane fyrst vart rulla ut, nok til å få ho stempla som ein «konspirasjonsteoretikar» og fjerna frå sosialmedie-plattformer.

Ein potensiell «tsunami av dødsfall» i kjømda

Ein annan ekspert som trur bodskapen står på veggen, er den belgiske viruseksperten dr. Geert Vanden Bossche, som har åtvara at dei som var fullvaksinerte vil byrje å oppleve at immuniteten deira kollapsar, som kan utløyse ein global trend med turbokreft, slag, hjarteinfarkt og auka dødelegheit.

Han sa at ein «massiv, massiv tsunami» er på veg til å overvelde sjukehus og gje eit kraftig slag i baugen på økonomien. Dette vil i sin tur føre til sosialt kaos og påverke oss alle.

«Dei vil byrje å erstatte den plutselege auken av kreftformer… no har vi ein meir kronisk fase.»

«Det vil ende med ein hyperakutt fase, ei diger, diger bølgje… Eg har studert dette i fire år no. Eg veit kva eg snakkar om… Vi vil måtte byggje ei fullstendig ny verd,» sa han, og la til at sjukehusa våre kjem til å kollapse so fort dette byrjar for fullt.

«Og det tydar at kaoset i alle lag av samfunnet – finans, økonomi, det sosiale, alle som éin – vil vere komplett.»

Dårlege nyheiter for økonomien

Alt dette er dårlege nyheiter for forsikringsselskap og so godt som kvar ein industri som treng levande, pustande arbeidarar, men der er eit par industriar som faktisk kan dra nytte av alt dette.

I eit innlegg som no har forsvunne, skreiv Richard Sauder i Richard’s Substack: «Det ser ut til at produsentar av kister, gravferdsbyrå, balsamerarar, likhus, gravlundar, kyrkjegardar, gravemaskinførarar og gravarar, krematorium og liknande, vil få rikeleg med arbeid – dersom dei då kan unngå å døy sjølve!»

«Andre industriar og brorparten av arbeidsstyrken vil få seg ein midt i trynet.»

Sjølv om han følte at han ikkje kunne nemne namn, antyda han at eitt berømt forsikringsselskap er «i særs alvorlege vanskar», og «snurrar rundt i mislykka konsern-sluket på grunn av den eskalerande dødsraten.» Og dersom eit større selskap blir sopass mykje påverka, er det vanskeleg å førestille seg korleis det vil påverke mindre forsikringsselskap.

«For mange folk døyr,» sa han. «Dei vanlege forsikringstabellane gjeld ikkje lenger.»

Omsett av redaktøren i Saksyndig. Sjå òg «Toppvirolog åtvarar om massiv tsunami av mRNA-‘vaksine’-dødsfall», publisert 8.april 2024.

Kommenter innlegget