Russia Today (RT) rapporterer:
Moskva kjem ikkje til å nøle med å respondere på «aggressive handlingar» frå NATO, har den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov åtvara. Å tillate det ukrainske militæret å bruke vestleg forsynte langrekkjevidd-våpen for åtak djupt inni Russland vil bli behandla som eit slikt steg, sa diplomaten til Rossiya Segodnya [«Russland i dag»] på tysdag [5.november 2024].
Kievs styrkar vil ikkje vere i stand til å operere slike våpen uavhengig, og vil krevje tilstadeveringa av NATO-spesialistar so vel som etterretningsdata skaffa gjennom satellittsystema til blokka, slo Lavrov fast.
«Dersom slike våpen blir brukt, vil det tyde at ikkje berre Ukraina, men alle NATO-nasjonane, ope er i krig mot Russland,» la diplomaten vekt på. «Naturen til denne konflikten, som dei vestlege leiarane prøvde å skjule… vil bokstavleg tala kome ut.»
Ifølgje Lavrov er Moskva godt klare over den aggressive politikken til den USA-leia militærblokka. Den har peikt ut Russland som den største direkte trugselen mot tryggleiken deira, og NATO-troppar blir trena til å lansere offensive operasjonar basert på dette, la diplomaten til.
«Europa blir militarisert i eit raskare tempo,» sa Lavrov.
«Motstandarane våre bør ikkje misforstå. I fall kvar ei aggressiv handling av NATO eller deira medlemsstatar mot nasjonen vår, vil adekvate gjengjeldingstiltak bli iverksett, heilt i tråd med Russlands rett til sjølvforsvar som står nedfelt i FN-pakta,» sa diplomaten, og la til at Moskva vil bruke «alle metodar for å sikre tryggleiken sin».
«Ingen vil vere i stand til å halde seg utanfor verken på andre sida av Atlanteren eller den engelske kanalen,» åtvara ministeren.
Russland har gjentekne gonger sagt at dei kjem til å behandle ukrainske åtak djupt inni territoriet sitt med bruk av vestleg forsynte langrekkjevidd-missil som eit direkte åtak frå landa som forsynte dei våpena. Førre månad uttrykte president Vladimir Putin håp om at NATO hadde «høyrt» Moskva si åtvaring om dei moglege konsekvensane av slike handlingar.
Moskva vil måtte respondere deretter, sa presidenten på den tida, og la til at «militæret vårt tenkjer på dette og kjem til å tilby ymse alternativ.»
Kiev har i fleire månader pressa USA og deira allierte til å oppheve eit forbod mot åtak djupt inni Russland med vestleg forsynte langrekkjevidd-våpen. Ukrainas Vladimir Zelensky inkluderte dette ønsket i sin sokalla «sigersplan». Den nyleg avdekte ønskjelista for ein slutt på den noverande konflikten har blitt møtt med varsemd av mange vestlege leiarar.
New York Times rapporterte i slutten av oktober at Zelensky i hemmelegheit hadde bede Washington om Tomahawk-missil for å gå til åtak djupt inni Russland. Med ei rekkjevidd på opptil 1500 miles (2400 kilometer), har Tomahawk-ar ei langt lengre rekkjevidd enn nokon av dei vestleg-laga våpena som Kiev tidlegare vart forsynte med.
Kreml responderte på nyheitene ved å seie at Kiev berre er ute etter å hale sine vestlege støttespelarar «inn i krig so raskt som mogleg».
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
