Carl Friedrich på nettstaden Free West Media skriv:
Ingenting stabiliserer folk so mykje som ein intakt familie.
I lys av den dramatiske endringa i aldersstrukturen i EU er det verdt å spørje kvifor, trass dei føreseielege problema, spesielt når det gjeld den aldersbestemte ordninga med pensjonar, pensjonsfordelar og omsorg; kvifor har der vore ein stadig aukande mangel på barn i samfunnet vårt? Kva speler ei rolle her? Blir folk i forplantingsdyktig alder meir og meir ufruktbare eller uviljuge til å setje eit barn til verda?
Speler miljøgifter i mat og vatn eller klima-skremselspropaganda ei rolle? Gjer i overkant lange akademiske utdanningsvegar, karrierehåp, og eit hedonistisk liv utan barn og stress som dette arrangementet fører med seg at folk tek avgjerda om eit liv utan barn? Kvifor har vi til dømes hatt ein uvanleg høg abortrate på rundt 100 000 per år i Tyskland i fleire tiår? Speler barn framleis ei rolle i livsplanane til unge? Eller blir dei originale ønska om å ha barn ikkje lenger realisert fordi familiepolitikken er familie-uvennleg og til og med øydelegg familiar?
Eitt svar på denne gåta kjem frå ein tysk grunnlovsadvokat ved namn Eva Marie von Münch: «Alderdomsbøra har blitt kollektivisert, barnebøra forblir ei privatsak. Med denne konstruksjonen straffar den noverande pensjonslova familien og, innåt i familien, spesielt mora som ikkje arbeider eller som ikkje arbeider fulltid!»
«Det kan ikkje bli slik at eit gift par – der berre éin av dei får ei lønn heile livet – oppdreg barn og endar opp med berre éin pensjon. På den andre sida, to ektemakar tener to pensjonar. Og barna til paret som berre mottek éin pensjon tener òg begge desse pensjonane. Dette er soleklart i strid med grunnlova,» ifølgje Roman Herzog, president i Den tyske grunnlovsretten (1987-1994) og president (1994-1999).
På den andre sida ser ikkje ønsket om barn ut til å vere stort, som det aukande kravet frå barnlause par i fruktbarheitsklinikkar antydar.
Når ein ser nærare etter er det derimot ofte par som berre har utsett ønsket om å få barn, til dømes på grunn av utdanning, heilt til den «biologiske klokka» har gått ut. I dette tilfellet er til og med ønsket om å få barn ein konsekvens av den tidlegare avgjerda om å ikkje få barn. I dagens diskusjon om designer-babyar og surrogati, blir velferda til barna ikkje tekne med i reknestykket.
Ein gjennomsnittleg fødselsrate på 2,1 barn per kvinne
Sidan der alltid vil finnast par med eitt barn eller ingen barn i det heile, er familiar med tre eller fleire barn naudsynlege for å auke befolkninga. Ein lågare rate fører til ein nedgang i befolkningstalet, ein langsiktig mangel på arbeidskraft og ein pådrivar for innvandring frå utanlandske kulturar, som skaper nye problem. Ein høgare rate vil på den andre sida tære på eksisterande ressursar og er heller ikkje ønskjeleg.
I EU har raten lege godt under to i fleire tiår. Dette tydar at vilkåra for familiar som skal oppdra ungar har blitt betydeleg verre i samfunnet generelt i løpet av denne tida.
Ein trur at hovudgrunnen er at sosiallovverket har fråkopla pensjonsprovisjonane frå talet barn og i staden knytt det til sysselsetjing. Barna i éin generasjon finansierer pensjonane og pensjonstrygda til alle pensjonistar, der barnlause barn og einslege dreg stor fordel, men der foreldre taper.
Det er upassande å gje pensjonsrettar primært til dei som er i arbeid
Det er upassande å knyte pensjonsrettar primært til lønt arbeid om pensjonar må finansierast utelukkande av barn av pensjonistar. Den uunngåelege konsekvensen blir då fattiggjering av familiar, som er spesielt merkbart når det gjeld foreldre med mange barn, og einslege foreldre. Denne uretten må avskaffast. Nivået av pensjonsprovisjon må anten ta talet barn med i det større reknestykket eller eliminere den finansielle børa til barn ved hjelp av ei passande deling av børa.
Nasjonale og internasjonale studiar har for lengst vist og bevist at omsorg i tidleg barndom på ingen måte òg tydar utdanning i tidleg barndom, men at der i staden er fleire og fleire barn med sjukdommar, inkludert mange med klinisk relevans. Covid-tiltaka har lagt ekstra belastning på familiar og spesielt skulebarn og studentar. Eteforstyrringar, depresjon og sosial tilbaketrekking var ofte konsekvensane. Mange unge vaksne miste motet til å leve, og gleda over framtida.
Utan talrike friske, trygge og livlege barn, har eit samfunn inga framtid, men viljen mange foreldre har til å ofre seg burde ikkje rettferdiggjere at dei dermed blir utnytta.
Denne framtida til familien og samfunnet kjem i søkjelyset når barneomsorgsarbeid blir ei spesiell bør for foreldre, noko som gjer det stadig meir attraktivt å ikkje få barn i det heile. «Arbeidslivsbalansen» er ein noverande bløff som gjer likeverdige rettar for foreldre umogleg, sidan foreldrerelatert familiearbeid blir behandla som ei spesiell bør for foreldre.
Balanse mellom omsorg for barn og omsorg for eldre
Kontrakten innåt i familiar burde bli utvida til samfunnet som eit heile for å oppnå sosial tryggleik for alle. Det vil tene som grunnlaget for den lovfesta pensjonsforsikringa med dynamisk alderdomspensjon som, derimot, må rettferdiggjerast med ein like dynamisk beskyttelse for barn.
Men sidan ideen om at «folk alltid får barn» har stått ved lag, har denne andre delen av kontrakten aldri blitt teken på alvor. Denne feilen hindra realiseringa av ein generasjonskontrakt som var rettferdig overfor både barn og foreldre. Vi lid framleis av dette i dag fordi pensjonssystemet som vart innført i mange EU-statar so å seie har vore ei ekspropriering av foreldre som held fram den dag i dag.
Dette systemet legg òg for mykje belastning på den neste generasjonen fordi dei vil måtte medfinansiere pensjonane til det veksande talet barnlause pensjonistar.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
