Tidlegare russisk president åtvarar: Vesten tek ikkje alvorleg nok trugselen om atomåtak frå Moskva

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Den tidlegare presidenten i Russland, Dmitry Medvedev, trur at vestlege leiarar grovt undervurderer Moskva sin evne og vilje til å krysse den raude linja og utføre eit atomåtak.

Medvedev, som no tener som viseleiar i det russiske tryggleiksrådet, hånte i ein samtale med russiske media vestlege leiarar, som han seier ikkje på langt nær er so flinke til å tenkje fram i tid som sine forgjengarar.

«Dei har gjort ei feilvurdering, sidan dei ikkje er dei skarpaste knivane i skuffa,» sa Medvedev.

«Av ein eller annan grunn trur dei at russarar aldri kjem til å krysse ei viss linje. Dei tek feil. Dersom eksistensen til staten vår står på spel, som presidenten i landet vårt gjentekne gonger har sagt… vil vi rett og slett ikkje ha noko val.»

Same kven som styrer ein atomvæpna stat som Russland, om det er Vladimir Putin eller nokon andre, har vedkomande ei plikt til å forsvare landet sitt «til siste mann», heldt Medvedev fram.

Vestlege leiarar slik som den franske presidenten Emmanuel Macron og den tyske kanslaren Olaf Scholz «manglar begge klokskapen og sinnsroa» til å handtere internasjonale affærar på same måte som dei som kom før dei gjorde.

«Den politiske klassen er i ferd med å degenerere,» heldt Medvedev fram. «Teknokratar kjem inn og dei kan ikkje forstå korleis politikk fungerer. Dette er ein katastrofe.»

(Relatert: Veit de om det gløymde Holocaust då 20 millionar kristne vart slakta av bolsjevikar i den tidlegare Sovjetunionen?)

Russland nærare og nærare atomrespons

Det kan verke som om Putin sjølv inspirerte orda til Medvedev, med tanke på korleis den noverande leiaren i Russland tilbake i september føreslo tillegg til Russlands atomdoktrine der ein utvidar scenarioa der Moskva kan respondere på aggresjon med atomvåpen.

I tilfellet Ukraina, som, for alt verda veit, ikkje har nokon atomvåpen, ønskjer Putin å vere i stand til å gå til åtak på USA, som er ein atomvæpna nasjon, med atomvåpen i fall dei hjelper Ukraina med å angripe territorium djupt inni Russland.

Det faktum at Vesten nyleg føreslo at Ukraina skulle utføre langrekkjevidd-åtak på russisk territorium er eit definitivt prov på at NATO sjølv «går til krig» mot Russland, åtvarar Medvedev.

For å førebu seg på eit komande atomåtak, lanserte Russland nyleg militærøvingar for å teste bruken av cruise- og interkontinentale ballistikk-missil. Putin sa at øvingane er naudsynlege for å halde atomevnene til Russland på eit «tilstrekkjeleg nivå» sidan krigen raser vidare.

Medan Moskva har ingen intensjon om å bli involvert i nok eit «våpenkappløp», gjorde Putin det tydeleg at Russland kjem til å bruke atomvåpen som «siste utveg» for å halde fiendane sine i sjakk medan dei ivaretek sin eigen nasjonale tryggleik.

Sannsynet for at ein kva som helst nasjon faktisk trykkjer på avtrekkjaren og sender ut atombomber verkar derimot minimal, i det minste når det gjeld dei nasjonane i verda som prøver å redde den frå massivt atomnedfall.

«Israel og Russland vil begge ikkje kunne atombombast so lett sidan begge eig det andre vil ha: Jerusalem og oljen, gass og mineralfelt i Russland,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet.

«Atombombing vil gjere det fullstendig uoppnåeleg i tusenvis av år, og dei som går den vegen vil bli fjerna frå kloden på flekken. Det som kan bli brukt er KI. Sjølv Bibelen snakkar om ustoppelege soldatar. Men so igjen, so veit Skaparen alt, sjølv korleis ein stoppar djevelen om naudsynt. Stol på Han!»

Ein annan skreiv at «djupstaten via dei nykonservative» kontrollerer NATO, dei ymse ikkje-statlege organisasjonane (NGO-ane) som finansierer det, og trebokstavsbyråa i verda.

«Kampen har ikkje eingong byrja,» la denne personen til, og antyda at Donald Trump er i same typen «fare» som John F. Kennedy var før den rådande makta tok han av dage.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget