Dave DeCamp på nettstaden AntiWar.com skriv:
Ein ukrainsk forsvarstenesteperson sa til Financial Times at dei er bekymra for om USA-bistand vil bli fjerna, og om Ukraina vil misse Donbas.
På onsdag [6.november 2024] gratulerte den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky den valde presidenten Donald Trump for hans «imponerande valsiger», men bak scenene føler ukrainske tenestepersonar eigentleg «mykje angst», ifølgje ein reportasje i Financial Times.
Trump hadde køyrt kampanje på å avslutte krigen i Ukraina, sjølv om han aldri kom med ein plan om korleis han har tenkt å nå det målet. Kampanjekompisen hans, senator J.D. Vance, har vore meir eksplisitt, og sagt at han favoriserer ein avtale om å avslutte krigen som vil fryse dei noverande kamplinjene og garantere ukrainsk nøytralitet og uavhengigheit, men framleis tillate ei eller anna form for amerikansk militærassistanse for Ukraina.
Ein ikkje namngjeven ukrainsk forsvarstenesteperson sa til Financial Times at mange i det ukrainske militæret er «redde» for at ein Trump-siger tydar at amerikansk bistand vil stoppe, og at «vi kjem til å iallfall misse Donbas».
Ein anna ukrainsk tenesteperson sa: «For oss tydar [amerikansk] støtte liv eller død. Vi må overtyde Trump om å vere med oss.»
Visepresident Kamala Harris køyrde kampanje på å halde fram stadfortredar-krigen, sjølv om Zelensky har signalisert at han forventar at konflikten skal ebbe ut i 2025 same kven som vann. Han har drive og pusha sin sokalla «sigersplan», som krev at NATO skal støtte langrekkjevidd-åtak i Russland, blant andre eskaleringar.
Zelensky sa onsdag at då han snakka med Trump i september, «diskuterte dei i detalj den strategiske partnarskapen mellom Ukraina og USA, Sigersplanen, og måtar å avslutte russisk aggresjon mot Ukraina».
Under tida si i Det kvite huset eskalerte Trump USA-involvering i Ukraina ved å forsyne med Javelin anti-stridsvognmissil, som markerte den fyrste amerikanske forsyninga av «dødeleg bistand» til Ukraina. Seinare forseinka Trump i kort tid ei sending av militærbistand til Ukraina, som vart brukt av Huset til å stemne han for skuldingar om at han var ute etter eit «quid pro quo» [ei teneste mot ei gjenteneste; oms.an.] for å få Zelensky til å etterforske Biden si involvering i Ukraina, ein påstand som den ukrainske leiaren alltid har nekta for.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
