Programvertar i talkshows syt og grin om Trump-siger

Steve Watson på nettstaden Modernity.news skriv:

Jimmy Kimmel grein, eller lest som han grein, under ein monolog på talkshowet sitt onsdag kveld, der han hadde ei preik frå sitt TV-studio om kor frykteleg det er for alle, inkludert «immigrantar som får landet til å gå rundt» og «Ukraina», at president Trump vann ein braksiger for sin andre periode.

Kimmel klaga i ni lange minutt etter eit innslag som viste verten pakke kofferten og hevda at han skulle forlate landet. [Eit av fleire utdrag frå originalartikkelen kan sjåast her.]

Han påstod so at Trump hadde ei «liste av fiendar» og rekna med at han sjølv stod på den, og erklærte at USA «valde den kriminelle» til å bli president.

«Meir enn halvparten av dette landet stemte på den kriminelle, som planlegg å benåde seg sjølv for sine brotsverk. Eg reknar med at dette valet ikkje var rigga,» spydde Kimmel ut.

So gjekk han rett over i eit samanbrot.

«Lat oss vere ærlege. Det var ei frykteleg natt i natt, det var ei frykteleg natt for kvinner, for barn,» byrja han.

«For fleire hundre tusen hardtarbeidande immigrantar som får dette landet til å gå rundt…» heldt Kimmel fram, og byrja bokstavleg tala å grine.

Han gjekk deretter over til å liste opp alt som Trump er «dårleg» for, inkludert «for helseomsorg, for klimaet vårt, for vitskap, for journalistikk, for rettferd, for ytringsfridom».

«Det var ei frykteleg natt for fattige, for middelklassen, for seniorar som er avhengige av sosialtryggleik, våre allierte i Ukraina, for NATO,» babla han, framleis grinande.

«For demokrati og anstendigheit. Og de veit at det var ei frykteleg natt for dei som stemde mot han,» bælja Kimmel vidare, og la til: «Veit de kva, det var ei dårleg natt for alle som stemde på han òg, de innser det berre ikkje enno.»

Han beit so ifrå seg: «men det tydar heller ikkje at vi stormar Kongressbygningen fordi vi ikkje likar resultatet».

I mellomtida valde Stephen Colbert å ikkje låst som han grein, men å bli sint i staden for, der han hevda at fleirtalet av amerikanarar «ikkje bryr seg so mykje om demokrati».

Dæven. Snakk om mangel på sjølvmedvit.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget