Har vi ei «yngrebølgje» i Noreg?

For tida blir det brutalt og nådelaust lagt ned skular og kutta i pleietilbod på grunn av dårleg kommuneøkonomi. Denne kommunekrisa blir av NRK karakterisert som ei «yngrebølgje», altso at det blir brukt stadig meir pengar på yngre med spesielle omsorgsbehov. Multihandikappa er ikkje eit nytt fenomen, men no kan det nesten verke som det blir stadig fleire av dei. So kven er eigentleg desse brukarane som visstnok køyrer kommune-Noreg i grøfta?

Julie Dahle på nettstaden Rights.no peiker på den store elefanten i rommet: Den ukritiske masseinnvandringa.

I ein artikkel publisert 8.november 2024 set Dahle søkjelyset på kor mykje innvandring kostar norske kommunar, med Sarpsborg som eit konkret døme. Innleiingsvis skriv ho:

«Kommunekrisen og den såkalte ‘yngrebølgen’ viser hvor avsindig kostbar innvandringen er for norske kommuner. I Sarpsborg brukes nå 726 millioner kroner på barnevern og det som kalles boveiledningstjenesten, totalt bestående av 433 familier, mens hele grunnskolen avspises med 63 millioner kroner mindre. Eldre går for lut og kaldt vann når sykehjem nedlegges for å spare penger.»

Ho trekkjer fram ein episode av Politisk kvarter i NRK, der ein snakkar om unge pleietrengjande som kostar stadig meir, og at dette ikkje er berekraftig. Dei unngår å snakke om det som for Dahle er den openberre årsaka:

«Svaret er at norske kommuner bruker sparekniven på eldre menneskers pleietilbud fordi innvandringen til kommunene er sjokkerende kostnadsdrivende.»

I Sarpsborg leverer kommunedirektør Turid Stubø Johnsen følgjande oppsummering av situasjonen i kommunen:

«Vi må gjøre knalltøffe prioriteringer mellom ulike svake grupper. Veksten er mye større enn vi klarer å håndtere […].»

Dahle stiller med rette spørsmålet kvifor det er slik ein enorm vekst av «yngre mennesker med store omsorgsbehov» i «et land der vi knapt får barn lengre». Problemet er nok ikkje «de knappe 1,4 barna norske kvinner i snitt produserer». Dei er ikkje meir krevjande enn før – det er nok dei som tuslar over grensa triumferande med rett til å søkje asyl som tømmer kommunale pengesekkar.

Når ein ser på konkrete tal for Sarpsborg kommune (60 000 innbyggjarar), hadde dei i 2020 168 familiar som trong omfattande oppfølging og ressurskrevjande tenester. Tre år seinare var talet på slike familiar 433. Dette er nesten 2,5 gonger fleire. Norske kvinner har neppe fødd ein heil haug med multihandikappa, utviklingshemma eller alvorleg autistiske barn på den relativt korte tida. Då er det vel meir sannsynleg at dei er eit importert problem.

Som dåverande ordførar Sindre Martinsen-Evje sa i 2021, so frykta han at flyktningar ville føre til økonomisk ruin for Sarpsborg: «De strømmet til byen når de er ferdige med de fem obligatoriske bo-årene i bosettingskommunen. Men det følger ingen økonomiske midler med de tilflyttede utlendingene, og sosialstønadene til gruppen utgjør nå tosifrede millionbeløp årlig.»

Som han sa til Sarpsborg Arbeiderblad: «Staten har et ansvar her og nå må vi riste dem ut av den naiviteten eller uvitenheten de opererer etter.»

Som Dahle oppsummerer:

«De drøyt 400 innvandrerne koster Sarpsborg over 36 millioner kroner årlig i sosialstønader alene.»

I tillegg ser det ut til å bu langt fleire flyktningar i Sarpsborg enn i andre kommunar:

«I år er antallet flyktninger uten integreringstilskudd i Sarpsborg omkring 3.750, mens normert, hvis det skulle være likt over hele landet, skulle Sarpsborg vært på 1.750 […].»

Det som ikkje fanst i kommunen i 2021, var ukrainske flyktningar. Med tilstrøyminga av ukrainarar har kommunen på sine nettsider gått ut og oppfordra til «frivillig innsats blant byens innbyggere for å avhjelpe en strupet kommuneøkonomi». I nabokommunen Fredrikstad er situasjonen den same: «Begge kommunene frykter økonomisk ruin som følge av en bølge av sekundærflyktninger, en bølge som stadig tiltar.»

Medan det ser ut til å finnast ei uavgrensa mengd flyktningar, kan ein diverre ikkje seie det same om midlar. Pengar veks ikkje på tre, og før eller seinare må ein kutte i utgiftspostar. Her ser tragisk nok dei eldre ut til å bli salderingspost nok ein gong:

«De eldre i kommunenorge skal åpenbart enkelt ofres idet kommunene legger ned sykehjemsplasser, men hadde det vært noen form for redelighet i alt pratet om rettigheter til sårbare, så kunne NRK gjort bedre research og de innhentede AP-kvinnene med ulike roller kunne snakket ærlig om hva som skjer når norske kommuner pålegges sekundærinnvandrere og ressurskrevende flyktninger. De store barneflokkene i ‘yngrebølgen’ gjør at kommunenes opprinnelige innbyggere med funksjonshemninger ofres.»

Har vi ei «yngrebølgje» i Noreg? Nei, vi har ei endelaus innvandringsbølgje med menneske som krev ressursar vi ikkje vil kunne gje utan at det går utover våre eigne. Norske funksjonshemma, utviklingshemma og eldre står no overfor ei framtid som vil bli mørkare og mørkare:

«Vi skal bli enormt mange gamle, mange psykisk syke og mange ensomme, og det er kritisk mangel på ‘dem som kommer etter oss’.»

Kommenter innlegget