Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice rapporterer:
Ei gruppe på over to dusin forfattarar inkludert Stephen Fry, Tom Holland og Ian McEwan, har signert eit brev der dei ber den britiske regjeringa om å gjere slutt på «kanselleringskulturen» ved å implementere universitetslova om ytringsfridom [University Free Speech Act].
Forfattarane sluttar seg til ei rekkje Nobelpris-vinnarar og meir enn 600 akademikarar som allereie har kravd at utdanningsminister Brigdet Phillipson implementerer Higher Education (Freedom of Speech) Act straks.
The Times rapporterer: Enkelte av dei mest eminente forfattarane i Storbritannia har sagt til ministrar at litterær fridom blir «erodert» av at dei mislykkast i å stå imot «kanselleringskultur» på universitetscampusar.
I eit åtak på utdanningsminister Bridget Phillipson, skulda meir enn to dusin forfattarar Regjeringa for å ikkje sikre «humane og liberale verdiar».
Dei kravde at ho skulle gje seg med sin motstand mot å implementere lovverk som, for fyrste gong, vil tvinge universitet til å beskytte retten til ytringsfridom på campus, eller stå overfor sanksjonar.
Dei som skreiv under på brevet inkluderer romanforfattarane Ian McEwan, Lady Antonia Fraser og Lionel Shriver. Dei har fått selskap av filosofen A.C. Grayling, skodespelar og forfattar Stephen Fry og den tidlegare poeten og prisvinnaren Sir Andrew Motion.
Andre som har skrive under inkluderer Tom Holland, medprogramleiar i podcasten The Rest is History, litteraturagenten Neil Blair og den tidlegare olympiske symjaren Sharron Davies.
Grayling sa at han trudde på å fremje dei sakene som «wokeisme» forsvarte, men såg på det meste av «kansellering» som ein «feilslegen strategi» som kan ha «ein avkjølande effekt på fridommen til å uttrykkje seg».
«Eit universitet er ein stad der kvar idé, kvart synspunkt, same kor avskyeleg somme av dei kanskje er, burde bli lufta, diskutert, analysert, forstått og, når enn det er naudsynt, utfordra,» sa han.
«Det er like hardt å gå i diskusjon mot synspunkt som ein er emfatisk ueinige i, som det er å gå i diskusjon med rasistar og dei som kjønnsdiskriminerer, men å låse dei i ein boks er aldri noko meir enn ei mellombels løysing.»
Han la til: «Å forsvare ytringsfridom på universitet, som involverer å ikkje stengje ned dissens og protest, krev å bruke betre ytringsfridom enn dei frie ytringane til andre når dei blir brukt på ein skadeleg måte.»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
