J.D. Vance åtvarar EU: Slutt å sensurere borgarar, elles vil vi kutte alle midlar til NATO!

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:

Den valde visepresidenten J.D. Vance har åtvara Den europeiske unionen om at fleire forsøk på å sensurere sosiale media vil resultere i at USA fullstendig kuttar støtta til NATO.

Denne åtvaringa vart gjort under eit intervju med podcastar Shawn Ryan, der Vance avslørte ei hending som involverte ein topp-EU-tenesteperson som truga Elon Musk for å sleppe tidlegare president Donald Trump tilbake på plattforma.

Infowars.com rapporterer: Vance sette søkjelys på den skarpe kontrasten mellom europeiske og amerikanske verdiar, spesielt på temaet ytringsfridom. «Leiaren, eg har gløymt nøyaktig kva slags tenesteperson det var innåt i Den europeiske unionen, men vedkomande sendte dette trugande brevet der det grunnleggjande stod å lese: ‘Vi kjem til å arrestere deg dersom du gjev Donald Trump ei plattform,’ som forresten sannsynlegvis vil bli den neste presidenten i USA,» rapporterte han.

Vance refererer sannsynlegvis til Thierry Breton, ein pro-sensur-korsfarar som på den tida var Europa-kommisjonær for den interne marknaden. Bretton har sidan gått av.

Som respons på Breton lovde Musk «ein særs offentleg kamp i retten», og avslørte: «Den europeiske kommisjonen tilbaud X ein ulovleg, hemmeleg avtale: dersom vi i det stille sensurerte ytringar utan å seie det til nokon, kom dei ikkje til å bøteleggje oss. Dei andre plattformene godtok den avtalen. X gjorde det ikkje.»

Den valde visepresidenten argumenterer at USA si deltaking i NATO burde avhenge av respekten alliansen har for ytringsfridom, ein amerikansk kjerneverdi. «So det USA burde seie er, dersom NATO vil at vi skal halde fram med å støtte dei, og NATO ønskjer at vi framleis er ein god deltakar i denne militæralliansen, kvifor respekterer de ikkje amerikanske verdiar og respekterer ytringsfridom?» spurde Vance. Han kritiserte ideen om å støtte ein militærallianse som ikkje ivaretek ytringsfridommen som «sinnssjuk», og insisterer at amerikansk støtte kjem med visse vilkår, slik som respekt for ytringsfridommen, spesielt blant europeiske allierte.

Den valde presidenten Trump, kampanjekompisen til Vance, har vore kritisk til somme aspekt i NATO, og har uttrykt eit ønske om å trekkje seg frå alliansen og sjå vekk frå Artikkel 5, klausulen for kollektivt forsvar.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget