Trump-alliert seier at rykte om «fiendeliste» er ei løgn

Russia Today (RT) rapporterer:

Den valde presidenten Donald Trump har ikkje ei slags svarteliste av folk som han visstnok planlegg å straffe etter å ha innteke embetet, sa Florida-kongressmann Byron Donalds til Fox News på sundag [10.november 2024].

Fleire amerikanske tenestepersonar og medieformidlarar har drive og spekulert på om Trump har, som ein skildra det, ein «vendetta mot folk som han trur har trassa han», og at han planlegg å gå etter sine kritikarar og oppfatta fiendar.

«Der har aldri vore eit sett av trugslar som dette gjort av ein presidentkandidat i USA,» sa Michael Bromwich, ein tidlegare generalinspektør i det amerikanske justisdepartementet til The Hill i forkant av 5.november-valet, der Trump slo sin Demokrat-rival Kamala Harris.

Derimot har kongressmann Donalds avvist desse bekymringane, og argumentert at Trump aldri har sagt at han skal gjere det til sitt oppdrag å straffeforfølgje dei som har sverta han.

«For det amerikanske folket som har lytta til desse løgnene frå Demokrat-venstre, seier eg til dykk: Dette er ikkje noko som Donald Trump nokosinne har snakka om, eller på nokon måte er plikta til. Der finst inga ‘fiendeliste’,» sa Donalds til Fox News.

Republikanaren la til at Trump ikkje har intensjon om å fokusere merksemda si på å gå etter dei som har sverta han, og i staden er bestemt på å hjelpe det amerikanske folket og adressere topp-problema i landet, slik som den meksikanske grensa, å deportere ulovlege innvandrarar, og forbetre økonomien og energien.

«Fokuset hans ligg på det amerikanske folket, ikkje ei eller anna ‘fiendeliste’,» insisterte Donalds.

Gjennom sine rally, presseintervju og innlegg på sosiale media, har Trump jamleg snakka om ei gruppe av «fiendar» innåt i den amerikanske regjeringa som han har definert som «radikal-venstre-galningar» som visstnok har handla i strid med USA sine beste interesser.

Under eit podcast-intervju med Joe Rogan har Trump òg sagt at desse «interne fiendane» utgjer ein større fare overfor USA enn enkelte av deira utanlandske motstandarar.

Derimot har Trump avvist bekymringar frå Det demokratiske paritet om at han skal prøve å straffeforfølgje sine politiske motstandarar, og har peikt på at han, etter at han vann mot Hillary Clinton i 2016, til slutt valde å ikkje gå etter Demokrat-rivalen sin, der han argumenterte at det ville ha «sett frykteleg ut» for landet.

Trump har hevda at Biden/Harris-administrasjonen på den andre sida har brukt det amerikanske justisdepartementet som våpen, og har brukt det for å stengje ned sine motstandarar, inkludert den tidlegare presidenten sjølv.

Tidlegare i år fann ein Manhattan-jury Republikanar-kandidaten skuldig i 34 brotsverk relatert til påståtte hysjpengar betalt til pornostjerna Stormy Daniels, og til si rolle i opptøyane 6.januar 2021 på Capitol Hill.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget