Den russiske regjeringa nektar for telefonsamtale mellom Putin og Trump

José Alberto Niño på Substacken Big League Politics melder:

10.november 2024 rapporterte Washington Post at den valde presidenten Donald Trump hadde bede den russiske presidenten Vladimir Putin om å ikkje eskalere krigen i Ukraina.

11.november nekta derimot den russiske regjeringa for at reportasjen til WP om at Trump og Putin hadde ein telefonsamtale var sann.

Dmitry Peskov i den russiske regjeringa erklærte framfor journalistar at rapporten var «rett og slett uriktig informasjon». WP siterte fleire menneske tilknytt samtalen som hadde blitt lovt anonymitet. Desse kjeldene hevda at Trump sa til Putin at USA har ei betydeleg militær tilstadevering i Europa.

Dei hevda òg at Trump var interessert i å halde fram ytterlegare diskusjonar om «løysinga på Ukraina-krigen snart».

Steven Cheung, kommunikasjonsdirektøren til Trump, bekrefta ikkje utvekslinga, og informerte AFP i ei skriven erklæring at «vi kommenterer ikkje private samtalar mellom president Trump og andre verdsleiarar».

Det avtroppande Biden-regimet har bekrefta at dei skal sende som mykje bistand som mogleg til Ukraina i forkant av Trump si innviing 20.januar 2025.

10.november sa Bidens nasjonaltryggleiksrådgjevar Jake Sullivan at Biden-regimet har som mål «å setje Ukraina i den sterkast moglege posisjonen på slagmarka, slik at det til slutt står i den sterkast moglege posisjonen ved forhandlingsbordet».

Dette vil inkludere å bruke dei resterande seks milliardar dollar av midlar øyremerkt Ukraina, sa Sullivan.

Den russiske regjeringa har vore forsiktig optimistiske om at Trump vender tilbake til embetet.

«Signala er positive… I det minste snakkar han om fred, og ikkje om konfrontasjon,» sa Peskov 10.november.

Under heile kampanjen har Trump lovt å avslutte krigen i Ukraina. Der vil bli utfordringar på grunn at det faktum at den komande Trump-administrasjonen kan bli bemanna av svikefulle neocon-typar, i tillegg til at Kongressen blir fylt opp av Russland-haukar på begge sider av den politiske midtgangen.

I tillegg vil Russland sannsynlegvis krevje sterkare oppofringar frå Ukraina og Vesten i form at eksplisitt nøytralitet for Ukraina, fullstendig stans av militær bistand til Ukraina, blant andre krav. Dette kan potensielt gjere eit diplomatisk forlik mellom dei to landa umoglege.

Dersom Trump og gjengen var smarte, ville dei late ukrainarane og russarane løyse denne konflikten seg i mellom og få USA til å halde seg heilt ute av denne konflikten.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget