Satireavisa The Onion kjøper Infowars på konkursauksjon: Alex Jones hevdar høgare bod vart avvist

Simon Kent i Breitbart melder:

Den satiriske nyheitskjelda The Onion baud over rivalar for Alex Jones sitt Infowars på ein konkursauksjon, støtta av familiane til offera for Sandy Hook grunnskule-skytinga, som var skulda meir enn ein milliard etter ein ærekrenkingsdom mot kringkastaren fordi han kalla 2012-massakren ein bløff.

Salsprisen vart ikkje gjort kjent då familiane bekrefta avtalen torsdag [14.november 2024]. I ein video lagt ut på sin X/Twitter-konto, påstod Jones at bodet til The Onion faktisk ikkje var den høgste prisen som vart tilboden for selskapet, og sa at salet til den venstreorienterte satiresida var ein «urett».

«Gjengen eg jobba med som la inn ekte [auksjons]bod vart rett og slett nekta prosessen,» sa Jones. «Dei gjorde alt riktig, og so, ‘Nei, sorry, det lågare bodet får det.’»

Den uavhengige journalisten, kjent for dokumentarar slik som Dark Secrets: Inside Bohemian Grove, sa at salet kom til å bli appellert på ei hastehøyring dei komande dagane.

«Oppløysinga av Alex Jones sine aktiva og døden til Infowars er rettferda vi lenge har venta på og kjempa for,» sa Robbie Parker, som hadde ei dotter ved namn Emilie som vart drepen i 2012-skytinga i Connecticut, i ei melding formidla av hans advokatar og sett av Associated Press.

Jones (50) bekrefta The Onion sitt oppkjøp av Infowars i eit innlegg på sosiale media, og sa at han hadde planar om å begjære ei juridisk utfordring for å få det stoppa.

«Eg fekk akkurat høyre for vel 15 minutt sidan at advokatane mine og gjengen møtte den amerikanske forvaltaren over konkursbuet vårt i dag tidleg, og dei sa at dei stengjer oss ned sjølv utan ein rettsleg ordre no i dag,» sa Jones.

«Connecticut-Demokratane med The Onion-avisa kjøpte oss,» la han til.

Jones, som grunnla Infowars i 1999, kringkasta direkte frå studioet sitt torsdag morgon medan han såg opprørt ut, og la hovudet i handa på skrivebordet sitt, ifølgje AP-reportasjen.

Det var ikkje straks tydeleg kva The Onion har planar om å gjere med plattforma, inkludert nettsida, kontoane på sosiale media, studioet i Austin, Texas, merkevara og videoarkivet.

Den juridiske handlinga vart starta av slektningane til mange av dei 20 barna og seks lærarane som varr drepne i skytinga, der dei saksøkte Jones og selskapet hans for ærekrenking og emosjonelt ubehag fordi han gjentekne gonger sa på programmet sitt at skytinga i Newton, Connecticut, var ein bløff iscenesett av kriseskodespelarar for å nøre opp til meir skytevåpen-kontroll.

Foreldre og barn av mange av offera vitna at dei var traumatiserte av Jones sine konspirasjonar og trugslar frå følgjarane hans.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget