Vel skuleelevar nynorsk som hovudmål for å sleppe unna valdelege innvandrarar?

UtenFilter rapporterer 14.november 2024 at Fjelltun skule i Strand kommune, den største barneskulen i Rogaland, har føreslege å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål for å fremje «et bedre mangfold i klasserommene». Medan eit slikt hovudmålsbyte vanlegvis er relatert til den urgamle striden mellom bokmål og nynorsk, og om sistnemnde er relevant i dagens samfunn, skal det seiast å vere heilt andre grunnar enn målsaka som ligg bak denne gongen.

NRK melder:

«Me har fått innspel på at ikkje alle som vel nynorsk gjer det fordi det er eit rikt og fint språk,seier rektor ved Fjelltun skule, Gerd Næss Barka.

Blant dei som vel bokmål er det fleire elevar som har fleirkulturell bakgrunn. Det er det ikkje i nynorskklassen, der alle har norsk som førstespråk.

‘Dette er ting foreldra seier til oss i skulen. Det er ikkje noko eg dikta på,’ seier Barka.

I Strandbuen stiller rektor spørsmål om årsaka til at det er sånn. Vel nokon nynorsk, fordi dei fryktar at det kan vera fleire problem med åtferd i bokmålsklassane?»

Ikkje uventa møter dette utspelet reaksjonar frå mållaget. Leiar i Strand mållag, Lars Fossåskaret, meiner Barka sitt forslag bidreg til å stigmatisere nynorskbrukarar som rasistar. Styreleiar i Noregs Mållag, Peder Loftnes Hauge, åtvarar om at ei slik endring vil svekkje posisjonen nynorsken har både i lokalmiljøet og for elevane personleg.

Fleire norske elevar meiner at dagens ordning med separate klassar for kvar målform fungerer godt. Ein elev med eit utanlandsk namn meiner ei blanding av bokmål- og nynorskelevar i klasseromma ville ha vore positivt. Med andre ord ser nordmenn ut til å ønskje separate klassar, fordi dei då kan velje nynorsk og sleppe unna innvandrarelevar som oppfører seg dårleg. Innvandrarane sjølve ser ut til å ønskje blandingsklassar, slik at ingen nordmenn dermed kan sleppe unna dei.

Leiar i Foreldrerådet, Gaute Garsjø, meiner dagens inndeling fører til «en uheldig sosial forskjell og påvirker integreringen».

Leiar av levekårsutvalet i Strand kommune, Randi Karlsen, påpeiker at problemstillinga ikkje berre handlar om språk, men òg om levekår og sosial inkludering. Språkdebatten på skulen er no sendt vidare til politisk behandling.

Det kan nesten sjå ut som om rektor vil skifte målform til bokmål – ikkje på grunn av at nynorsk blir sett på som eit søkkjande skip (i kor mange år har vel bokmålstilhengjarar spådd nynorskens undergang?) – men for å lettare kunne integrere innvandrarar i skulen, der erfaringsmessig mesteparten ikkje skjøner nynorsk. Ein kan òg stille spørsmålet om det er innvandrarane som skal integrerast i det norske samfunnet, eller om det er nordmenn som skal integrerast i eit nytt multikulturelt samfunn der alle særtrekk i nasjonen skal lukast vekk, og der våre nye landsmenn ligg på øvste nivået i samfunnet og sit i førarsetet på alle arenaer.

Både Saksyndig og UtenFilter følgjer med på denne saka.

One comment

Kommenter innlegget