Stephen King forlèt «giftige» X

Russia Today (RT) rapporterer:

Den namngjetne skrekkforfattaren Stephen King har erklært sin avgang frå X, og skildrar sosialmedieplattforma som noko som har blitt «for giftig». Romanforfattaren nekta tidlegare for at X-eigar Elon Musk hadde kasta han ut på grunn av ein fornærmande personleg kommentar.

Techmogulen kjøpte X, då kalla Twitter, tilbake i 2022, før han omdøypte plattforma og oppdaterte eller fjerna mykje av retningslinjene der. Desse endringane har sett sinna i kok hjå ei rekkje NGO-ar og aktivistar, som hevdar at Musk støttar «hattale» på X, ei skulding som milliardæren har nekta for.

I eit innlegg på X torsdag [14.november 2024] skreiv King, ofte kalla «Skrekkongen»: «Eg forlèt Twitter. Prøvde å bli verande, men atmosfæren har rett og slett blitt for giftig.» Han la til at fansen kan følgje han på Threads – ei rivaliserande plattform lansert av Mark Zuckerberg sitt Meta.

Dagen før nekta King for rykte om at «Muskie prøvde å kaste meg ut av Twitter», og viste til eigaren av plattforma. Han avviste òg påstandar om at han hadde skildra Musk som «[den valde president Donald] Trumps nye fyrstedame».

Romanforfattaren, som er ein skarp kritikar av Trump, hadde tidlegare avfeia som «latterleg» Musk sin kommenter under presidentkampanjen som antyda at rivalen til Republikanaren i valet, visepresident Kamala Harris, «ønskjer å bryte grunnlova».

I kjølvatnet av sigeren til Trump har fleire kjendisar og mediepersonlegdommar òg forlate X.

Blant dei er CNN-anker Don Lemon, som òg er ein kritikar av Republikanaren. I ein video på Instagram sa han: «Eg trudde ein gong at [X] var ein stad for ærleg debatt og diskusjon, gjennomsiktigheit og frie ytringar, men no føler eg at det ikkje tener det føremålet.»

I løpet av 2022 og 2023 forlét fleire høgprofilerte annonsørar X, og skulda Musk for å ikkje gjere noko for å kjempe mot hattale.

I årevis har Musk unngått å offentleg velje side anten med Republikanarar eller Demokratar, og posisjonert seg sjølv som politisk nøytral. Derimot, under den nylege presidentkampanjen gjekk gründeren over til høgresida, og byrja i aukande grad å kritisere administrasjonen til president Joe Biden. I kjølvatnet av det mislykka attentatforsøket på Trump 13.juli, uttrykte Musk støtta si for Republikanar-kandidaten, og dukka etter det opp som ein av topp-donorane til Trump.

Sidan valet har Musk ofte blitt sett saman med den valde presidenten, inkludert under telefonsamtalar med utanlandske leiarar.

Den komande presidenten erklærte torsdag [14.november 2024] at Musk skal leie det framtidige Departementet for statleg effektivitet, eit organ som vil få som mål å kutte ned «sløsing og bedrageri» i føderal statleg pengebruk.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

One comment

  1. Siden hentesveisen med voksenbleier vant valget, har over 1 million droppet X. Normalt oppegående er nemlig lei av ytrehøyre rasisme hat konspi antivax og terfertroll, som florerer i enda større grad nå en før. X er en sump.

    Likar

Kommenter innlegget