Lavrov stiller spørsmål ved Scholz sin ståstad om Ukraina

Russia Today (RT) rapporterer:

Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov har stilt spørsmål ved motivasjonen Vesten har for å støtte Ukraina.

I ein kommentar til telefonsamtalen mellom president Vladimir Putin og den tyske kanslaren Olaf Scholz fredag [15.november 2024], sa Russlands toppdiplomat at det ikkje er tydeleg kvifor Berlin er so konsekvent rundt sine lovnader om å hjelpe Kiev i konflikten mot Moskva.

Lavrov refererte til ei pressemelding offentleggjort av Scholz sitt kontor etter telefonsamtalen. I meldinga stod det å lese at Scholz «fordømte Russlands krig mot Ukraina», kravde at Moskva trekte tilbake soldatar frå frontlinja og byrja fredssamtalar, og gjentok «Tysklands urokkelege bestemtheit om å støtte Ukraina i kampen mot russisk aggresjon so lenge som naudsynt».

«Dette er det Tyskland og andre medlemmer av EU og NATO seier offentleg likevel. Likevel, når dei kjem med påstandar slik som ‘vi skal vere med Ukraina so lenge som naudsynt’, får det ein til å stille spørsmålet: Kven er det naudsynt for? Definitivt ikkje det ukrainske folket,» sa Lavrov i ei presse-briefing ved Sir Bani Yas Forum i Abu-Dhabi. Utanriksministeren har åtvara at vestleg bistand berre forlengjer konflikten og fører til meir dødsfall og øydelegging.

Fredagens telefonsamtale mellom Scholz og Putin var deira fyrste direkte samtale på nesten to år. Ei melding frå Kreml som vart sendt ut seint fredag sa at dei to leiarane heldt ei «detaljert og ærleg utveksling av meiningar om situasjonen i Ukraina» som varte i nesten ein time.

Putin skulle visstnok ha sagt til Scholz at den noverande situasjonen er «eit direkte resultat av NATO sin langvarige aggressive politikk som har mål om å skape eit anti-russisk fotfeste på ukrainsk territorium», saman med det at Russlands tryggleiksinteresser blir ignorert, og forfølginga av russisktalande innbyggjarar i Ukraina av Kiev-regimet.

Putin sa til Scholz at Moskva er opne for å gjenopprette forhandlingar, som han sa vart avbrotne av regimet i Kiev. Han sa derimot at alle avtalar burde ta med Russlands tryggleiksinteresser, dei «nye territoriale realitetane» og må adressere rot-årsakene til konflikten. Kreml sa at Putin og Scholz har blitt einige om å halde kontakten.

I ein kommentar til telefonsamtalen sa den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky at den opna «Pandoras øskje» og svekte Russlands «isolasjon» i det internasjonale rommet, medan han spådde at vidare kontakt mellom Moskva og Vesten kan følgje.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget