Moskva kjem med ÅTVARING til Vesten om langrekkjevidd-missil!

Russia Today (RT) rapporterer:

Moska har kome med ei sterk åtvaring til USA og deira allierte, og sagt at all bruk av langrekkjevidd-missil av Kiev for å råke djupt inni russisk territorium vil tyde «direkte deltaking» frå dei vestlege maktene i konflikten.

Meldinga måndag ettermiddag [18.november 2024] frå det russiske utanriksministeriet kjem etter ubekrefta rapportar om at den amerikanske presidenten Joe Biden har godkjent at Kiev kan bruke amerikansk-forsynte ATACMS-missil for å råke stader innanfor Moskva sine pre-2014-grenser.

Maria Zakharova, talskvinna for ministeriet, sa at kvart slikt eit trekk kan «radikalt endre essensen og naturen til konflikten».

Sundag [17.november 2024] rapporterte New York Times at den amerikanske presidenten Joe Biden hadde gjeve Ukraina løyve til å bruke ATACMS-missil mot russisk territorium. Derimot har Det kvite huset ikkje kome med nokon offisielle meldingar.

Når ho vart spurt om rapportane måndag, sa Zakharova at dei ikkje har blitt bekrefta av Washington.

Zakharova understreka deretter: «Kievs bruk av langrekkjevidd-missil for å gå til åtak på vårt territorium vil tyde den direkte deltakinga av USA og deira satellittar i fiendtlege handlingar mot Russland. Om so er tilfelle, vil Russlands respons vere adekvat og handgripeleg.»

Kommentarane til Zakharova følgjer ein reportasje i New York Times sundag som antyda at Biden hadde gjeve grønt lys for at Ukraina kan bruke langrekkjevidd-missil til å råke russiske styrkar som forsvarer Kursk-regionen, visstnok saman med nordkoreanske soldatar.

Medan Det kvite huset har verken bekrefta eller nekta for påstanden, har sjølve moglegheita for eit slikt politisk skifte mant fram ein sterk reaksjon frå Moskva.

Utanriksministeriet gjentok president Vladimir Putin sine tidlegare åtvaringar når det gjeld at vestlege nasjonar potensielt forsyner Ukraina med langrekkjevidd-våpen. I september sa Putin at kvar ei avgjerd om å væpne Kiev med slike evner vil tvinge Moskva til å ta «passande avgjerder basert på trugslane som blir presentert til oss».

Han antyda at slike handlingar vil representere eit skifte i kor vidt «NATO-land er direkte involvert i militærkonflikta [eller ikkje]».

Zakharova understreka alvoret i den potensielle eskaleringa, og åtvara at Moska ikkje kom til å sitje passivt på sidelinja: «I dette tilfellet kjem Russlands respons til å vere adekvat og handgripeleg.»

Kreml har konsekvent kalla vestleg militærbistand til Ukraina ein trugsel mot deira nasjonale tryggleik, og kommentarane til Zakharova legg ytterlegare fokus på ståstaden til Moskva rundt langrekkjevidd-våpen. Situasjonen er og blir anspent, der somme vestlege leiarar openlyst innrømmer bekymringar om vidare eskalering og potensialet for direkte konfrontasjon mellom NATO og Russland.

Blant aukande spenningar viste Moskva òg uvisse når det gjaldt sanningsgehalten til endringane i amerikanske retningslinjer. «Det er enno ikkje kjent om desse påstandane er basert på offisielle kjelder,» stod det i ei melding.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget