Cassie B. i Natural News melder:
Førre veke verserte det mange videoar på sosiale media av kvinner som jamra hysterisk over at Trump vann valet, og dei insisterte i tillegg på at dei plutseleg miste «rettar». No har den sorga blitt kanalisert om til valdeleg raseri og fullstendig galskap sidan dei no viser kvarandre korleis dei kan forgifte dei «vonde» mennene i sitt liv som våga å stemme på Trump.
Videoane, som er å finne på sosialmedie-nettstader slik som TikTok, viser til gifta ved namn «aqua tofana», som vart skapt av ei italiensk kvinne på 1600-talet for å myrde ektemenn som mishandla. Den klare substansen verkar langsamt, har ingen smak eller farge, og kunne ikkje oppdagast på den tida. Medan ein liten dose kan forårsake symptom som liknar på forkjøling, kan fleire dosar føre til oppkast og dehydrering; fire dosar er typisk nok til å drepe offera.
Kvinnene som fremjar denne fullstendig psykotiske åtferda har kalla det MATGA, som er ei forkorting for Make Aqua Tofana Great Again. Der finst fleire videoar som viser kvinner som skryter over korleis dette er «løysinga» for å handtere mannlege Trump-støttespelarar i liva deira, ofte overlagt med frasar slik som «your body, my choice» medan dei bruker ein dropeteljar til å tilføre væske til drikkeglas. Mange av dei bruker songen «Venom» av Eminem som bakgrunnsmusikk.
Andre videoar trur dei at dei er meir subtile, og der fortel dei kvinner «kva slags blomar dei burde plante i hagane sine», der mange av dei er giftige, slik som revebjølle.
Til dømes finst der eit innlegg om å dyrke desse giftige plantene som har emneknaggar slik som #feminism og #womensrights, med teksten: «Fordi dei er vakre, og absolutt ingen annan grunn. Hugs kvinner, gjer grundige undersøkingar av kvar einaste plante før de handterer dei på ein måte som er både gjennomtenkt og varsamt. Vi elskar velutdanna gartnarar.»
Internettsøk på frasen «aqua tofana» i USA gjekk faktisk opp ikkje lenge etter at valresultata vart klare, saman med relaterte frasar som viser intensjon om å bruke det, slik som «oppskrift på aqua tofana» og «korleis lage aqua tofana».
Responsen på desse videoane har ikkje overraskande vore sjokk og skrekk. Det er vanskeleg å tru at so mange liberale kvinner har blitt so hjernevaska at dei faktisk trur at dette på ein eller annan måte er rettferdiggjort åtferd – sjølv om meininga er å vere «morosam» – eller at dei misser nokon rettar i fyrste omgang. Førestill deg at du går ut for å ete på restaurant og ei av desse kvinnene lagar maten din eller serverer den, og får vit på det faktum at du stemte på Trump.
Georgia-representant Marjorie Taylor Green la til emneknaggen FBI i eit sosialmedieinnlegg om fenomenet, der ho skreiv: «@FBI, desse er offentlege dødstrugslar og må etterforskast! Desse kvinne fortel andre korleis ein forgiftar og myrdar menn fordi dei er sinte etter valet. Dersom de spora opp 6.januar-deltakarar, anti-abort-tilhengjarar, foreldre som er sinte på skulestyre, so bør de òg gå etter desse psykopatane!»
Enkelte kvinner styrer unna menn fullstendig
Enkelte kvinner som er litt mindre sprø og trekkjer grensa ved mord, vender i staden merksemda si mot den radikalfeministiske 4B-rørsla som har blitt populær blant visse typar kvinner i Sør-Korea. Kvinner som følgjer rørsla blir einige om å gje opp dating, å bli gift, sex med menn, og det å få barn. Det landet slit framleis med betydeleg mangel på kjønnslikestilling og eit samfunn der ein kan gjere lite om ein blir utsett for digitale sexbrotsverk og hemnporno, men den forblir ei utkantrørsle som få kvinner faktisk følgjer.
I ein video, som har blitt sett nesten 10 millionar gonger, skryter ei kvinne over at ho «gjer min del som ei amerikansk kvinne ved at eg slo opp med min Republikanar-kjærast i går kveld, og ved å offisielt bli med i 4B-rørsla no i dag tidleg.» I eit anna innlegg seier kvinna at ho akkurat hadde «slo opp på den raskaste, mest ukompliserte måten i mitt liv» då ho fann ut at kjærasten stemte på Trump.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
