Russia Today (RT) rapporterer:
Den litauiske offentlege kringkastaren LRT har sagt opp den pro-ukrainske TV-verten og skodespelaren Algis Ramanauskas, som antyda at litauarar som likar russisk kultur burde bli skotne.
I ei melding sundag [17.november 2024] sa kringkastaren at Ramanauskas hadde blitt fjerna frå det satiriske programmet Dviracio zinios [«sykkelkunnskap»], der han spelte ein rollefigur.
«Den offentlege kringkastaren bruker dei høgste etiske standardar ikkje berre på sine tilsette, men òg på alle programskaparar, presenterarar og skodespelarar, sidan ytringane deira i det offentlege rommet ofte blir assosiert med LRT,» sa kanalen.
«Den gjentekne kontroversielle retorikken til Ramanauskas i det offentlege rommet er ikkje kompatibelt med desse standardane, og skader biletet til LRT. Difor har rolla hans i ‘Dviracio zinios’ blitt gjeven til ein annan skodespelar,» sa kringkastaren.
Ramanauskas kom med sine støytande kommentarar under eit intervju med politikaren Vytautas Sinica, som vart lagt ut på YouTube-kanalen til journalisten i september.
«Eg forstår at det eg ønskjer er ein utopi. Men førestill dykk ein familie der faren sit og ser på ein russisk film med volumet på full guffe, og mora lyttar til høg russisk musikk,» sa Ramanauskas i ein samtale med Sinica.
«Det einaste spørsmålet som stiller seg her er: burde barna bli tekne bort fyrst, og [foreldra] deira deretter bli skotne, eller burde dei bli skotne framfor barna? Naturlegvis burde barna bli tekne bort fyrst. Vi burde ta barna vekk [frå slike foreldre].»
Ramanauskas, som iherdig støttar Ukraina, bruker sosiale media til å gå til åtak på politikarar og vanlege folk som han ser på som ein pro-russisk «femtekolonne».
I kjølvatnet av motbøren hevda han at orda hans var «satire» og tekne ut av kontekst. Han gjentok i eit Facebook-innlegg 24.september at han snakka om «det russifiserte Litauen» og ikkje etniske russarar som bur i landet. «Fordi det er normalt for ein russar å forbruke russisk popkultur, sjølv om den er barbarisk,» skreiv han, og la til at «russisk kultur er ikkje alltid barbarisk».
Etter å ha motteke fleire klagar, har påtalekontoret opna ei etterforsking for å avgjere om tiraden til Ramanauskas utgjer oppfordring til vald.
Etniske russarar utgjer rundt 5% av den litauiske befolkninga på 2,8 millionar menneske. Litauen var del av Det russiske imperiet før 1918 og del av Sovjetunionen mellom 1940 og 1991. Språk er eit høgbetent tema i landet, sidan enkelte aktivistar argumenterer at litauiske lover er diskriminerande mot russisktalande.
Ukraina har svartelista mange russiske artistar og innført restriksjonar på bruk av russisk språk i den offentlege sfæren sidan 2022, der dei insisterer at Moskva bruker kultur som våpen under den noverande militærkonflikten mellom naboane. Russiske artistar var òg utestengde frå fleire arrangement i land som støttar Ukraina, og enkelte fekk programma sine kansellert.
Den russiske presidenten Vladimir Putin har gjentekne gonger sagt at forsøk på å «kansellere russisk kultur» i Ukraina og andre stader er dømt til å mislykkast.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
